Skogvern i Sunndal og Nesset
Regjeringa har nyleg vedteke vern av to skogsområde i fylket. Det eine ligg i Eikesdal i Nesset kommune og det andre er Hisdalen i Sunndal kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vernet omfattar to område der grunneigarane har kome med tilbod om frivillig vern. Erstatninga blir nå utbetalt av Miljødirektoratet.
Vernevedtaket inneber at 1,7 % av den produktive skogen i Møre og Romsdal nå er verna. I landet er 2,6% av skogen verna.
Formålet med vernet er å sikre to biologisk verdfulle skogsområde som ein del av naturarven. Vernet inneber den strengaste verneforma etter naturmangfaldlova, og har som konsekvens eit forbod mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet.
Hisdalen i Sunndal kommune
Naturreservatet Hisdalen, som er på 3 302 da, ligg ved Sunndalsfjorden og ca. 12 km nordvest for Sunndalsøra.
Naturen i Hisdalen kan karakteriserast som sjeldan og området representerer fleire naturtypar med store verdiar med gammal furuskog, dels også gammal lauvskog, rik edellauvskog og kalkskog. Området er lite påverka av inngrep og kontinuiteten i gamle tre og daudt trevirke er god. Hisdalen med sin bratte bekkekløft aukar variasjonsbredda i reservatet og området har samla sett ein særlig verdi for det biologiske mangfaldet.
Området er velutvikla og med fleire sjeldne artar. Spesielt varmekrevjande artar av planter, sopp og insekt. Høgdegradienten frå Sunndalsfjorden og opp mot fjellet er med på å auke artsmangfaldet
Mardalen i Nesset kommune
Mardalen naturreservat i Eikesdal er på 6 080 dekar. Ein konsekvens av vernet er at Jutneset naturreservat ved Eikesdalsvatnet og som vart verna i 2003 nå er ein del av det nye reservatet og med ei ny verneforskrift. Vernevedtaket inneber også at det har blitt ei endring av vernegrensa for Eikesdalsvatnet landskapsvernområde og Sandgrovbotn–Mardalsbotn biotopvernområde.
Karakteristisk for verneområdet er den varierte lauvskogen med element av trua og sjeldan natur. Her er ein velutvikla edellauvskog med styva almar og hasselskog. I andre delar av området er den verdfulle naturtypen gråor-heggeskog. Artsmangfaldet er usedvanlig rikt, både av lav og sopp. Ein spesiell kvalitet er haustingsskogen med styva almar som både har ein særskilt naturvitskapleg og kulturhistorisk verdi. Dei fleste sjeldne sopp- og lavartane er registrert i den gamle haustingsskogen.
Eit mindre område opp mot Mardalsfossen er påverka av fossesprøyt. Her er mosematter, men også gras og karplanter som er avhengige av rikeleg med vatn og som representerer naturtypen fossesprøytsone.