Ny Runde-brosjyre
Fylkesmannen har oppdatert brosjyren om verneområda på Runde i Herøy. Både kart og tekst er fornya, og sidan forrige brosjyre vart lagd, har også området fått Ramsar-status.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 06.07.2017
Runde er eitt av dei mest besøkte verneområda i fylket, og det er viktig med god informasjon. Ein reknar med at ca. 40.000 personar besøker verneområda pr. år. Difor satsar fylkesmannen også mykje på å utbetre turstiane på øya, slik at turistane skal få ei god oppleving.