Godkjente forvaltingsplanar i to naturreservat i Surnadal
Fylkesmannen har godkjent forvaltingsplanane for Surna og Søysetøran naturreservat. Naturreservata er verna våtmark og elveoslandskap i Surnadal kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 18.02.2014
Dei godkjente forvaltingsplanane fastset mål for verneverdiane og brukarinteressene i områda. Vidare viser planane korleis verneforskriftene skal tolkast og praktiserast. Til slutt foreslår ein tiltak som restaurering, skjøtsel, overvaking og informasjon.
Vi takkar for alle bidrag i prosessen med utarbeiding av forvaltingsplanane.