Fysiske tiltak i vassdrag
For å sette i verk fysiske tiltak i vassdrag, må du søke om løyve.
Forskrift om fysiske tiltak skal ta vare på vassdragsmiljøa og artane som lever i og ved desse. Forskrifta skal sette rammer for eventuelle tiltak, slik at desse skal foregå på ein forsvarleg måte. Utan løyve er det forbod mot å sette i verk:
«fysiske tiltak som medfører eller kan medføre fare for forringelse av produksjonsmulighetene for fisk og andre ferskvannsorganismer.» (§ 1).
Ansvar
Løyve etter § 1 kan bli gitt i enkeltsaker. Statsforvaltaren er mynde på strekningar som fører anadrom laksefisk. Fylkeskommunen er mynde på strekningar som fører innlandsfisk. Dersom det finst truga ferskvatnsartar på strekninga, slik som ål, elvemusling eller storaure, skal fylkeskommunen fatte vedtak i samråd med Statsforvaltaren.
Tiltak som treng konsesjon etter vassdragsreguleringslova eller vannressursloven treng ikkje løyve etter forskrifta.
Vernar livet i ferskvatn
I tillegg til fisk, dekker forskrifta også andre ferskvannsorganismar. Det betyr at tiltak er søknadspliktige i alle vassdrag, uavhengig av kva som lever der. Forskrifta er heimla i lakse- og innlandsfisklova, som definerer vassdrag som: «innsjø, vann, tjern, elv, elvearm, bekk, kanal og kunstige dammer» (§ 5c). Det er dermed ikkje krav om årssikker vatnføring. Dette er i tråd med det overordna vassdragslovverket (Vannressursloven) som også definerer at: «Som vassdrag regnes også vannløp uten årssikker vannføring dersom det atskiller seg tydelig fra omgivelsene» (§ 2).
Kontaktpersoner
-
Lars Kringstad
Tlf: 71 25 84 50 / 91 56 92 11 -
Mathias Høgseth Strømmen
Tlf: 71 25 85 48 -
Geir Moen
Tlf: 71 25 84 71 / 97 19 98 29