Elvekantane gir liv og skydd

Portrett av forfattarane, og bilde frå ei elv som renn gjennom skog.
Ofte går stiane eit stykkje frå sjølve elva. Det er bra, for vi må la livet leve uforstyrra der i elvekanten. Men av og til kjem du tett på, og då vil du kunne sjå eit yrande liv – om du stoppar opp og ser etter. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Lars Kringstad og Erik Birkeland/Tingh.

Elvekantane spelar ei sentral rolle i naturen. Her finn vi insekt, dyr, fuglar og plantar i stort mangfald.

Publisert 19.08.2024

Av: statsforvaltar Else-May Botten og senioringeniør Lars Kringstad

Langs alle vassdrag vil det naturleg vekse eit belte av kantvegetasjon. Denne kantsona er viktig for livet både langs og i elva. Den reduserer også erosjon og avrenning av næringsstoff til vassdraget.

Kantvegetasjonen fungerer som grønkorridor for rekreasjon, og gir deg flotte opplevingar på turen langs elva eller bekken.

Det er derfor fleire lovverk som vernar om kantsonene. Vi har ikkje lov til å fjerne tre og buskar eller grave i elvekantane.

Dårlegare fiskelykke utan kantvegetasjon

Frå vegetasjonen rundt elv og bekk fell insekt ned i vatnet og blir til mat for fisken. Røter og nedfallstre i vatnet gir gode skjul- og oppvekstområde for yngel. Organisk materiale som lauv gir gode næringsforhold for botndyr. Kantvegetasjonen reduserer også temperaturvariasjonen, noko som er viktig for fisk og anna liv i elva. Laks og aure er særleg avhengig av tre som gir skygge for sola på varme sommardagar, spesielt i mindre bekkar som lettare blir varma av solstråling.

Her i fylket har vi også elvemusling – ein svært sjeldan og utrydningstruga art. Den er i eit ungt stadium greve ned i grusen i elvane, og som vaksne er dei synlege på elvebotnen. Elvemuslingen kan bli opptil 300 år gamal. Dersom den får vekse opp vil den bidra til å oppretthalde god vasskvalitet. Ein enkelt elvemusling kan reinse opp til 50 liter vatn i døgnet. Blir grusen dei lever i tetta av partiklar, til dømes av jord frå elvekantar, vil dei døy av oksygenmangel. Ein av funksjonane til kantvegetasjon er å redusere at slikt skjer.

Hindrar at vatten finn nye vegar

Og det er ikkje berre planter og dyr som nyter godt av at vegetasjonen rundt vassdraga fører vatnet i ei trygg retning. Vi får stadig meir styrtregn. Det kan ofte føre til at vatnet finn seg nye vegar og skapar problem – også for oss menneske.

Om det er mykje vegetasjon rundt elvar og vassdrag, er det danna eit naturleg flaumvern. Dette er også ein god grunn til å ta vare på både tre og plantar langs elvekantane.

Kantvegetasjon kan fange store mengder næringssalt som renn frå landbruksareal, slik som fosfor og nitrogen. Partiklar og forureining blir også fanga opp av kantvegetasjonen. Dette er ein eigenskap som er veldig viktig, ikkje berre i landbruksområde, men også i tettbygde strok og i byar der overflatevatnet ofte er forureina.

Når kantvegetasjonen blir fjerna

Ofte blir det gjort inngrep i kantsona, sjølv om det ikkje er lov. Vi kan sjå at kantvegetasjonen er heilt eller delvis fjerna eller at elver og bekkar har blitt retta ut og steinsett. I slike tilfelle blir kantsona ueigna som levestad. Intensjonen bak tiltaka kan vere god, men ofte er dei eit resultat av mangel på kunnskap.

Om nokon ønskjer å fjerne vegetasjonen langs ei elv eller ein bekk må dei ta kontakt med Statsforvaltaren først. Vi kan gje løyve til ulike tiltak i kantsonene dersom vi ser at det er naudsynt. Da kan vi til dømes stille krav om at ny kantvegetasjon skal vekse opp att når arbeidet langs vassdraget er gjennomført. Det er også lov å skjøtte kantsonene utan å søkje, til dømes å ta ut enkelttre som har velta ut i elva og øydelegg for vassføringa.

God tur – og god sommar!

Nyt sommarturen din langs elvebreidda! Ofte går stiane eit stykkje frå sjølve elva. Det er bra, for vi må la livet leve uforstyrra der i elvekanten. Men av og til kjem du tett på, og då  vil du kunne sjå eit yrande liv – om du stoppar opp og ser etter. Dette livet er ein av grunnsteinane i det økosystemet vi alle er ein del av. Ver med å ta vare på det!

Kronikk sommaren 2024

Denne kronikken var på trykk i fleire aviser i fylket i juli 2024.