Gaupejakta startar 1. februar
Det kan fellast inntil fire gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar.
Forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: 4 gauper (hvorav maks 2 voksne hunndyr)
• Delområde A: Tingvoll og den delen av Sunndal som er nord for Driva: 4
• Delområde B: Øvrige deler av forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: ingen startkvote
Etter klageavgjerd i Klima og miljødepartementet (KLD) 30.01.2025, gjeld følgjande for kvotejakt på gaupe i Møre og Romsdal i 2025:
Startkvoten 4 fordeles til de avgrensa kvotejaktsområder som følger nedenfor:
Forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: 4 gauper (hvorav maks 2 voksne hunndyr).
- Delområde A: Tingvoll og den delen av Sunndal som er nord for Driva: 4
- Delområde B: Øvrige deler av forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: Ingen startkvote
Delområdene slås sammen 1. mars 2025
I resten av Møre og Romsdal har rovviltnemnda opna for kvotefri jakt (unntak for familiegrupper gjeld ikkje desse områda).
Kart over kvoteområda finn du på Kvotejaktkart for gaupe 2025
Rovviltnemnda sitt vedtak og KLD sine klageavgjerder finn du i menyen til høgre.
- Særlege vilkår for utøving av kvotejakt på gaupe i region 6 i 2025
Jeger pliktar å halde seg oppdatert om status for kvotejakt på Statsforvaltaren sin kvotetelefon og å registrere seg for varsling på Statsforvaltaren si SMS-teneste. Vi gjer merksam på at det i 2025 har blitt gjennomført ein «vask» av SMS-lista. Alle som tidlegare har stått på SMS-lista er fjernet og må melde seg inn på nytt. - Jaktlaga som utøver kvotejakt har minst ein person som er innanfor telefondekning, og felling av gaupe skal umiddelbart og seinast innan 30 minutter meldast til aktuell statsforvaltar.
Melding om felt dyr og kontroll
Felling eller forsøk på felling av gaupe skal umiddelbart meldast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal på vår vakttelefon: 90 92 60 16. Statsforvaltaren vil be om følgjande informasjon ved melding om felt gaupe:
- Namn og telefonnummer til skyttar
- Kommune/fellingsområde
- Lokalnavn på fellingsstedet
- UTM-koordinater for skotstad
- Antall skyttarar
- Type våpen og tal skot løsna
- Kjønn og truleg alder (vaksen/unge) på det felte dyret
(sjå rettleiar til kjønnsbestemming i høgremarga).
Felt gaupe skal visast fram for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking. Statsforvaltaren vil formidle vidare opplysningane ovanfor til SNO, som i neste omgang tar kontakt med skyttar for nærare avtale om kontrollen. SNO vil og gjennomføre skotplasskontroll, så det er viktig at skytter kan finne tilbake til skotstaden.
Gaupe er den einaste av rovviltartane det er opna for kvotejakt på. Kvotejakta er ordinær jakt etter viltlova § 9, og er omfatta av dei samme reglane som anna jakt. Jakttida på gaupe er frå og med 1. februar til og med 31. mars. Aldersgrensa er 18 år.
Gaupe er definert som storvilt, og det må avleggast skyteprøve for storviltjegarar om du skal jakte gaupe med rifle. Det er også tillate å jakte gaupe med hagle. Det er ikkje krav om å registrere seg som lisensjegar for å delta i den ordinære gaupejakta.
Den som jaktar gaupe må ha løyve frå grunneigar. Dette omfattar også forbod mot å jage eller lokke vilt bort frå andre sine jaktområde. For jakt på statsgrunn må ein ha gyldig jaktkort for enten småviltjakt eller storviltjakt. Bruk av gaupebås skal godkjennast av Statsforvaltaren.
Kontaktpersoner
Kvotetelefon
Jerv: 71 25 85 02
Gaupe: 71 25 85 01
Bjørn/Ulv: 71 25 85 03
Meld frå om felling
Tlf: 90 92 60 16