SMS-teneste for lisens- og kvotejakt

Alle som deltar i lisens- og kvotejakt på rovvilt bør registrere seg. Du vil då motta oppdatert kvoteinformasjon på SMS. Tenesta erstattar ikkje kvotetelefonane. 

Publisert 18.08.2023

Alle som registrerer seg vil ved endring i kvote eller stopp i lisensfelling/kvotejakt automatisk få tilsendt oppdatert kvoteinformasjon på SMS. Registreringa må fornyast kvart år.

Merk at du uavhengig av om du registrerer deg i SMS-tenesta pliktar å halde deg oppdatert om gjeldande kvote på Statsforvaltaren sin kvotetelefonar.

Statsforvaltaren vil ikkje bruke tenesta til informasjon om andre rovvilthendingar.

Registrering:

· Gå til registreringsside: https://rovviltvarsling.fylkesmannen.no/

· Velg kategori: Lisensjeger/kvotejeger (ev. andre)

· Velg region: Møre og Romsdal

· Legg inn følgande info:

- Navn
- Adresse
- Postnr
- Mobilnr
- E-post (valgfritt)

· Registrer kva for arter du ønskjer SMS-varsel for (Bjørn, Jerv, Ulv, Gaupe)

· Registrer at du samtykker til bruk av personopplysningar

· Trykk «registrer».

· Du får no ein kode via SMS som skal leggast inn.

· Trykk «send inn»

Kontaktpersoner

Kvotetelefon

Jerv: 71 25 85 02

Gaupe: 71 25 85 01

Bjørn/Ulv: 71 25 85 03

Meld frå om felling

Tlf: 90 92 60 16