Rettleiar i bruk av naturmangfaldlova

Naturmangfaldlova gjev felles retningsliner for korleis naturmangfald skal vektast og vurderast i vedtak etter ulike særlover. Ein ny rettleiar gjev innføring i praktisk bruk.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.04.2012

Rettleiaren er nyttig for ulike forvaltningsnivå, særlig for sakshandsamarar i kommunar og i forvaltninga elles. Dei aktuelle retningslinene i lova skal ikkje berre brukast i reine naturforvaltingssaker, men også ved avgjerder etter anna lovverk som kan påverke naturmangfald. Såleis skal retningslinene følgjast ved sakshandsaming etter Plan - og bygningslova, Skoglova, Forureiningslova og anna lovverk.

Å ikkje følgje retningslinene (jf § 7 i naturmangfaldlova) er å rekna som sakshandsamingsfeil som i visse tilfelle kan føre til at vedtak vert ugyldig.

Rettleiaren omtaler korleis reglane er å forstå og korleis dei skal nyttast i offentlege vedtak. Vurdering av prinsipp, vekting og forvaltningsmål for økosystem, naturtypar og artar er og viktige tema i rettleiaren. Dei ulike tema er illustrert med ei rekkje eksempel.

Vi legg også ved ei lenke til MD sitt brev om forholdet mellom plan- og bygningslova og naturmangfald, som er særleg relevant for mange kommunar.


Publisert 27.04.2016

Det blir enklare å bruke naturmangfaldlova

Klima- og miljødepartementet har fornya rettleiaren til naturmangfaldlova kapittel II. Den nye rettleiaren skal gjere det enklare å bruke lova.