Nye statlege planretningslinjer for klima og arealbruk

Dei to statlege planretningslinjene for klima og energi og for arealbruk og mobilitet er endra. Kva betyr dette for kommunen sitt planarbeid?
Retningslinjene skal sikre at kommunar og fylkeskommunar arbeider systematisk med klimautfordringar og berekraftig arealbruk. Dei nye retningslinjene gir tydelegare føringar for planlegging etter plan- og bygningslova og skal bidra til at Noreg når klimamåla sine. Dei er meir detaljerte og spesifikke enn dei gamle. Naturmangfald og sirkulær økonomi er nye tema som blir trekt fram som viktige element i klimaarbeidet.
Nytt i SPR for klima og energi seier også at kommunane skal arbeide for nullutslepp i sin eigen verksemd. Dei skal nytte klimavennlege og energieffektive løysingar i eigen verksemd, og i sine innkjøp av varer og tenester. I tillegg må dei aktivt legge til rette for at næringslivet og innbyggarane kutter sine utslepp, sin energibruk, og omstiller seg til lågutsleppssamfunnet og ein sirkulær økonomi.
11. mars 2025 haldt Miljødirektoratet webinar om dei nye statlege planretningslinjene. Her vart innhaldet i retningslinjene presentert. Fagfolk frå Miljødirektoratet, planavdelinga i Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) og Norges vassdrags- og energidirektoratet svarte på spørsmål i spørjetime på slutten av webinaret.
Gjekk du glipp av webinaret bør du sjå det i opptak:
Nye statlige planretningslinjer for klima, energi, arealbruk og mobilitet - miljodirektoratet.no
I denne artikkelen har vi nytta kunstig intellegens i utarbeidinga av faktaboks og samandrag av dei nye retningslinjane.
Lenker
Faktaboks
Hovudpunkt i ny SPR for klima og energi:
-
Klima omfattar reduksjon av klimagassar, karbonopptak og klimatilpassing
-
Energi omfattar effektiv, fleksibel energibruk og utbygging av fornybar energi
-
Kommunane skal ha ambisiøse klima- og energimål med konkrete tiltak
-
Kommunane skal legge til rette for ein sirkulær økonomi
-
Kommunane skal unngå nedbygging av karbonrike område
-
Rehabilitering av bygningar skal vurderast før riving
-
Arealrekneskap skal vere ein del av kommuneplanarbeidet
-
Kommunane må jamleg evaluere klimaarbeidet
Hovudpunkt i ny SPR arealbruk og mobilitet:
-
Differensierte retningslinjer for byregionar og distriktsområde
-
Nullvekstmål for personbiltransport i byområde
-
I distriktet kan ein tillate spreidd bustadbygging
-
Fritidsbustader skal ikkje byggjast over skoggrensa eller på myr
-
Fortetting skal prioriterast før utviding til nye område
-
Jordvern blir prioritert høgare
-
Høg terskel for inngrep i leveområda til villrein