Få veker igjen til Regional plan- og klimakonferanse

Vi ser Stoknes forelese.
Per Espen Stoknes, TED Global Speaker, er utdanna psykolog og doktor i grøn økonomi frå Universitetet i Oslo. Han kjem til Ålesund 2. oktober. Foto: Privat.

Regional plan- og klimakonferanse 2024 nærmar seg med stormskritt. Endeleg program er fullspekka av gode foredragshaldarar. Meld deg på i dag! 

Publisert 30.08.2024

1. og 2. oktober er det konferanse i Ålesund, for folk i regionen som arbeider med planlegging, natur og klimaomstilling i kommunar, stat og i det private.

Sikre på at det blir lærerikt

Tema for årets konferanse er Mot til å tenke nytt i planlegging av ei framtid med knappe ressursar 

–  Vi er veldig nøgd med det endelege programmet og sikre på at det skal bli interessant og lærerikt for alle, seier klimakoordinator Anne Melbø hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Første dagen kjem mellom anna Ulf Andresen som er ein mykje brukt foredragshaldar og talsperson for NAV i media. Han er kjent for si evne til å gjere kjedeleg statistikk og viktige bodskap lettfattelege og underhaldande. På dag to er vi så heldige å ha fått tak i Per Espen Stoknes. Han har ein TED-talk om klimapsykologi som er sett over 3,2 millionar gangar.  

Les heile programmet (pdf.)... 

Har du enda ikkje meldt deg på? 

Dette er den viktigaste arenaen for å bli oppdatert og for å samarbeide på tvers av kommunegrensene innan planlegging, natur og klima. I tillegg til eit godt fagleg program er det lagt opp til aktivitetar der deltakarane kan bli kjent og få gode diskusjonar og refleksjonar om korleis vi skal planlegge for framtida i Møre og Romsdal. 

Det er fortsett ledige plassar igjen, og det er ingen grunn til å vente til påmeldingsfristen 15. september. Meld deg på no: Påmelding til konferansen (deltaker.no) ... 

Kontaktpersoner

Målgruppe

Klima- og miljørådgivarar, planleggarar, tilsette med ansvar for kommunen si økonomiplan, medarbeidarar som jobbar med utvikling og oppfølging, fagrådgivarar, mellomleiarar og kommunalsjefar med ansvar for klimaarbeidet. Konferansen er også open for tilsette i stat og det private som arbeider med planlegging, natur og klimaomstilling. Lokalpolitikarar er spesielt velkomne!