Fangst av oppdrettslaks som har rømt i Tingvollfjorden
Lerøy Midt Sjø AS meldte 27. februar om at oppdrettslaks hadde rømt ved lokaliteten Naustneset i Tingvollfjorden i Gjemnes kommune, Møre og Romsdal. No vert mest mogleg av den rømte laksen fiska opp att.
Det vart avdekt eit hol på 3x1 meter i ei av merdane under førebuingar til utslakting. Etter utslakting har selskapet meldt om at det manglar om lag 5000 laks med snittvekt rundt fem kilo.
Pålegg om å fiske laksen opp att
Fiskeridirektoratet gav i samråd med Statsforvaltaren pålegg til Lerøy om å organisere eit utvida gjenfangstfiske i eit avgrensa område i perioden 28.02.24-06.03.24. Statsforvaltaren gav dispensasjon frå forbodet om å fiske anadrome laksefisk i sjøen, og fritak frå krav om nedsenking av garn i gjenfangstområdet. Fram til og med 5. mars vart det rapportert inn gjenfangst av over 2000 oppdrettslaks.
– Fisket blir no utvida til og med 14. mars og omfattar heile fjordsystemet Sunndalsfjorden, Tingvollfjorden, Bergsøyfjorden og Batnfjorden ut til E39 (Krifast). For å unngå å fange opp sjøaure saman med laksen, blir det ikkje tillate å bruke flytegarn i den utvida perioden. Av same grunn blir det heller ikkje gitt dispensasjon til å fiske i munningsfredingssonene utanfor Driva/Litledalselva, Usma og Batnfjordselva, seier Geir Moen, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Han fortel at alle som ønskjer å delta i fisket må inngå avtale med Lerøy Midt AS ved Kristian Kvam. Han har telefonnummer 915 44 502.
Sårbart område
Det aktuelle oppdrettsanlegget ligg nær den nasjonale laksefjorden Sunndalsfjorden, med det nasjonale laksevassdraget Driva. Fleire av elvane i Drivaregionen har vore smitta av lakseparasitten Gyrodactylus salaris og har fått kjemisk behandling i 2022 og 2023.
– Elvene er difor ekstra sårbare mot genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks. Dette gjer at vi vurderer tiltak også i elvane i samråd med Fiskeridirektoratet, fortel Moen.
Tips om fangst av rømt oppdrettslaks til Fiskeridirektoratet
Du bør tipse Fiskeridirektoratet om du fanger oppdrettslaks i fylket
Legg gjerne med bilde av fisken.
Regler for fiske
Moen legg til at publikum må følge gjeldande fiskeregler for området. Dei ligg på nettsida til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal: Fiskeregler for laks og sjøaure i sjøen | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no).
– Det er tillate å fiske med stang i fjordområda, med unntak av munnningsfredingssonene som er stengt for fiske no i mars. Sjøaure er freda i heile dette fjordområdet ut til E39 (Krifast) og må settast ut igjen, avslutter Moen.