Reetablering av lakse- og sjøaurebestandar i Raumaregionen
Arbeidet med å bygge opp igjen fiskebestandane i Raumaregionen etter kjemisk bekjemping av Gyrodactylus salaris er skildra i ein ny rapport. Innsamla materiale av laks og sjøaure til genbank er tilbakeført til elvene Rauma med Istra, Isa/Glutra, Måna og Innfjordelva i perioden 2015-2023. Undersøkingane viser at det er mogleg å bygge opp igjen levedyktige bestandar av laks og sjøaure etter kjemisk bekjemping.
Elvene i Raumaregionen vart kjemisk behandla mot G. salaris i 2013 og 2014, og friskmeldt i 2019. I perioden 2015-2023 er det tilbakeført laks og sjøaure frå genbank til elvene, frå materiale som vart samla inn før bekjempinga.
I perioden 2015-2023 har det blitt produsert rundt 9 miilioner lakserogn og nær 10 millionar sjøaurerogn på levande genbank, som har blitt sett ut som augerogn, ufôra eller fôra yngel i elvene materialet vart samla inn frå.
Undersøkingar av ungfiskbestandane og vaksen fisk i elvane viser at utsatt fisk har dominert ungfiskproduksjonen dei første åra etter bekjemping. Utsatt fisk har og vore godt representert blant laks som returnerer til elva.
Veterinærinstituttet har på oppdrag for Statsforvaltaren og Miljødirektoratet vore prosjektleiar for arbeidet, og har også laga rapporten. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er tiltakshavar for reetableringa, og driv også ein av dei levande genbankane som er sentral i arbeidet (Herje genbank).
Kontaktpersoner
-
Geir Moen
Tlf: 71 25 84 71 / 97 19 98 29 -
Linda Aaram
Tlf: 71 25 84 23 / 97 50 31 85