Webinar om kunnskapsgrunnlaget for jordvern

Program for webinaret. NIBIO

NIBIO arrangerer webinar om kartbasert kunnskapsgrunnlag for jordvern. Webinaret er felles for Møre og Romsdal og Vestland fylke, og vert halde onsdag 26. januar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.01.2022

I eit brev frå landbruks- og matdepartementet til fylkesmennene i 2018 vart det presisert at
dersom ein må veie jordressursen opp mot andre omsyn, skal den verdsettast eller klassifiserast. Jordsmonn og klimasone er sentralt for å vurdere jordkvalitet og produksjonspotensial. NIBIO har utarbeida ulike kart og databasar som er gode hjelpemiddel og som du finn på https://kilden.nibio.no.

I dette webinaret skal vi sjå nærare på korleis dette kan gjerast i praksis.

Program, informasjon og påmelding finn du her;

https://nibio.pameldingssystem.no/jordvern-i-vestland-og-more-og-romsdal#/program

Webinaret er primært for kommunalt tilsette innafor landbruk og arealplanlegging,
men andre som arbeider med temaet er også velkomne til å delta.

PÅMELDINGSFRIST ER 21. JANUAR!