Oppdatert verktøy for å rekne ut omdisponert jordbruksareal

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har på oppdrag frå Landbruksdirektoratet oppdatert eit nyttig verktøy for kommunane, for å rekne ut omdisponert jordbruksareal, den såkalla KOSTRA-applikasjonen. Den nye versjonen av dette verktøyet kan for første gong brukast i 2019 og skal gje ein enklare og sikrare måte å rapportere på.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.01.2019

Oppdatert verktøy

For å gjere kommunane sitt arbeid med rapporteringa gjennom KOSTRA enklare, har Landbruksdirektoratet også i år utarbeida eit hjelpeskjema i Excel-format. Dette bør brukast til fortløpande føring av handsama saker etter jordlov og konsesjonslov, og kva som vart utfallet av desse sakene. Hjelpeskjemaet omfattar også fane for omdisponert areal frå reguleringsplaner etter plan- og bygningslova.

Dersom kommunane brukar dette hjelpeskjemaet kontinuerleg gjennom heile 2019, vil arbeidet med den årlege rapporteringa på dette området verte enklere enn dersom dei aktuelle sakene må hentast ut frå arkivet på slutten av året.

Betre datakvalitet og lettare arbeid

Bruken av dette hjelpeskjemaet er frivillig for kommunane, men det vert tilrådd at kommunane tek det aktivt i bruk. Kvaliteten på dei innrapporterte opplysningane vert betre, og det vil redusere arbeidsbyrda for kommunane ved rapporteringstidspunktet.

Ny teneste frå NIBIO

Nytt av året er at NIBIO har oppdatert KOSTRA-applikasjonen, som kan brukast som eit verktøy i kommunane si arealrapportering. Den nye KOSTRA-applikasjonen er lagt inn i NIBIO sin kartportal, Kilden, og ligg i menyen under «verktøy». Her kan du enten teikne inn eit areal og få ut tal på kor mykje dyrka og dyrkbar jord som vert omdisponert, eller du kan laste opp ein reguleringsplan (sosi-fil) og få tal på kor mykje areal som går med til dei ulike arealformåla. Dette vil forhåpentlegvis bidra til mest mogleg nøyaktig KOSTRA-rapportering. NIBIO har informasjon om tenesta og brukerveiledning på sine sider https://www.nibio.no/tjenester/rapportering-i-kostra

Meir informasjon finn du også på Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet sine heimesider.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/oppdatert-verktoy-for-a-beregne-omdisponert-jordbruksareal/id2625005/?utm_source=www.regjeringen.no&utm_medium=epost&utm_campaign=nyhetsvarsel%2010.01.2019&utm_content=Mat,%20fiske%20og%20landbruk

 

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/areal-og-jordvern/kostra