Kommuneplan Giske – høve til forbetringar for landbruket
Fylkesmannen er godt nøgd med at Giske kommune har teke nasjonale retningsliner og oppgåva som den viktigaste jordvernmyndigheita på alvor. Dette synes gjennom utarbeiding av kjerneområde landbruk og etablering av omsynssone landbruk i plankartet, og at kommunen i stor grad har halde seg til utviding av eksisterande bustadområde. Likevel finn Fylkesmannen grunn til å fremje 6 motsegner på vegne av landbruksinteressene.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Giske er ein viktig jordbrukskommune i Møre og Romsdal, og rekrutteringa til primærnæringa syner at landbruket har håp om ei god framtid. Kommunen og kommuneplanen må bidra til og sikre framtida for næringa, ved at dei har kjende arealmessige rammevilkår og moglegheit for utvikling. Giske kommune har store areal, som både er dyrka og dyrkbar. Dette gjer det utfordrande med tanke på andre samfunnsomsyn, blant anna bustadbygging, som kan føre til tap av matproduserande areal. Vegbygging og anna infrastruktur kan også bidra til uheldig arrondering og auka fragmentering av landbruksareal.
Giske kommune har utarbeidd eit arealrekneskap for bustad og næring. Kommunen kan vise til prognoser om framtidig folkeauke, og må planlegge for dette. Dagens areal avsett til bustadbygging og framtidig areal som kan nyttast til bustadføremål, som ikkje er i interessekonflikt med jordvernet, er ein knappheitsressurs. Konsentrert bustadbygging generelt og auka fortetting på Valderøya spesielt vil etter Fylkesmannen sitt syn tene landbruksnæringa, ved at det vert mindre utbyggingspress på dyrka jord andre stader i kommunen. Konsentrert bustadbygging vil optimalisere arealutnyttinga meir enn enkelttomter i plan og dispensasjonar frå kommuneplan, då dispensasjonar undergrev kommuneplanen som styringsverktøy, og kan gi både direkte og framtidige uheldige konsekvensar for landbruksnæringa.
Fylkesmannen etterlyser ei oversikt over tal dekar dyrka jord (fulldyrka, overflate dyrka og innmarksbeite) og dyrkbar jord som går tapt som følgje av kommuneplana. Fylkesmannen vil samstundes oppmode kommunen til også i framtida vere bevisst på sitt arbeid med å nå dei nasjonale målsettingane om redusert omdisponering av dyrka jord, og auka matproduksjon og sjølvforsyningsgrad.