Bygging av brannstasjon på dyrka mark i Stordal
Fjord kommune har vedteke bygging av brannstasjon på dyrka mark i Stordal. Som kompenserande tiltak skal all matjorda ivaretakast og brukast vidare til matproduksjon.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Å lage ei ny dyrka mark er den beste måten å erstatte den som går tapt ved bygging av brannstasjonen. Men å forbetre jordkvaliteten frå overflatedyrka mark til fulldyrka mark, ved å tilføre ekstra jord på toppen, er også ein moglegheit for å nyttegjere seg av matjorda. På den måten kan jordressursen framleis nyttast til matproduksjon også i framtida, og det er tross alt det viktigaste.
Statsforvaltaren trakk motsegn
Landbruk nordvest har utarbeida forslag til lokalitetar kor matjorda kan flyttast, og Fjord kommune er i prosess for å gjennomføre tiltaket. Statsforvaltaren hadde motsegn til reguleringsplana, men vi trakk denne då kommunen tok inn i plana at matjorda skulle ivaretakast for vidare matproduksjon.
Jordflytting er siste utveg
Flytting av matjord er i utgangspunktet ikkje ønskeleg. Der andre samfunnsomsyn likevel vert vurdert som viktigare enn jordvernet, så kan Statsforvaltaren nokon gonger akseptere at matjorda blir ivareteke og flytta til ein annan stad. Det vert då stilt krav om ei plan som skildrar sjølve gjennomføringa av jordflyttinga. Jordressursen vil då fortsatt kunne brukast av ein bonde for å produsere mat til oss.