Viktige moment for jordvern ved dispensasjonspraksis

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhald i to klagesaker om jordvernomsyn. Vurderingskriteria i begge desse sakene gjeld alle dispensasjonsvurderinger, som handlar om omdisponering av landbruksareal, og kan vere ei nyttig rettesnor i framtidig sakshandsaming for kommunane i Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.12.2017

Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag har gjeve medhald i to klager frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som gjekk på temaet jordvern.


Den eine saka frå Rindal kommune gjaldt frådeling til bustad, der grunngjevinga i all hovudsak gjekk på privatrettslege høve som privatøkonomi og familiær tilknyting til garden. Settefylkesmannen presiserer at dette er moment som det ikkje skal leggast stor vekt på i ein dispensasjonsvurdering.


Den andre saka gjaldt frådeling til bustad i Gjemnes kommune, der sonen med familie ville flytte tilbake til heimgarden, medan eigaren ville flytte ut og frådele ei ny bustadtomt på garden. Denne tomta vart plassert på fulldyrka mark i øverkant av gardsbruket. Settefylkesmannen viser blant anna til at ei nyleg endring av pbl. § 19.2 har styrka jordvernet, ved at jordvern no er eitt konkret moment som det skal leggjast særskilt vekt på i dispensasjonsvedtaket.


Fylkesmannen ber kommunane i Møre og Romsdal om å ta vedtaka frå settefylkesmannen i Sør-Trøndelag til etterretning, og at desse vurderingane vert vektlagt i framtidige kommunale dispensasjonsvedtak i fylket.
Begge vedtaka ligg som vedlegg.