Hjelpeskjema KOSTRA landbruk for rapporteringsåret 2018
For å lette kommunane sitt arbeid med rapportering gjennom KOSTRA, har Landbruksdirektoratet også i år utarbeida eit hjelpeskjema til bruk for løpande føring av handsama saker etter jordlov og konsesjonslov, og kva som vart utfallet av desse sakene. Hjelpeskjemaet omfattar også fane for omdisponert areal frå reguleringsplanar etter plan- og bygningsloven.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dersom kommunane nyttar dette hjelpeskjemaet løpande gjennom heile 2018, vil arbeidet med den årlege rapporteringa på dette området verte enklare enn dersom dei aktuelle sakene må hentast ut frå arkivet på slutten av året.
Bruken av hjelpeskjemaet er frivillig for kommunane, men vi rår til at kommunane tek det aktivt i bruk. Vi trur det vil betre kvaliteten på dei innrapporterte opplysningane, og redusere arbeidsbyrda for kommunane ved rapporteringstidspunktet.