Gledeleg nedgang i tap av matjord i 2016 – men likevel skår i gleda
KOSTRA-tal som SSB nylig presenterte, viser at Møre og Romsdal har hatt ein gledeleg nedgang i tap av matjord, frå 403 daa i 2015 til 253 daa i 2016. Dette er ikkje langt unna jordvernmålet på 200 daa som fylkestinget har vedteke gjennom Landbruksmeldinga for Møre og Romsdal 2017-2021.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Skåra i gleda er at reduksjonen av matproduserande areal i 10-års perioden 2007-2016 var på heile 4348 daa. Ein rapport fra SSB og NIBIO viser at nedbygginga av matjord faktisk var endå større ...
Sunnmørskommunane stod for omdisponeringa av 102 av 253 daa i 2016 (Stordal kommune har ikkje rapportert inn), Romsdal 75 daa og kommunane på Nordmøre 76 daa. Dersom vi tek utgangspunkt i at kvar ku treng mat frå ca. 8-12 daa dyrka jord, for å gi om lag 7200 liter mjølk i året, så gikk det i 2016 tapt dyrka jord som kunne produsert ca. 182160 liter mjølk i året i Møre og Romsdal.
Samla tap av matjord for Møre og Romsdal i 10-års perioden 2007-2016 var på heile 4348 daa, der Sunnmøre (17 kommunar) stod for reduksjon av dyrka jord på 2242 daa, Romsdal (9 kommunar) 1344 daa og Nordmøre (10 kommunar) 762 daa. Då er ikkje dyrkbar jord medrekna, og heller ikkje landbrukets eige omdisponering av landbruksareal.
Eininga «dekar» (forkorta «daa») vert brukt som mål av areal. 1 daa er det same som 1000 kvadratmeter, dvs. 31,62 x 31,62 m, og 1000 daa er 1 kvadratkilometer (1 kvadratkm). For å få litt forståing av kor mykje matjord som går tapt her i Møre og Romsdal, kan du sjå for deg grasbanen på Ullevål stadion eller Aker stadion i Molde som ei dyrkamark. Dei er kvar på ca. 7,1 daa. Det vil seie at i den siste 10-års perioden har Sunnmøre mista dyrkajord tilsvarande 315 fotballbaner, Romsdal har mista 189 fotballbaner og Nordmøre 107 fotballbaner, til saman 611 fotballbaner side om side. Dette er minimumstall som kommunane har rapportert inn til KOSTRA.
Ein rapport utarbeidd av SSB og NIBIO viser at den faktiske nedbygginga var større, om vi rekna med areal som landbruket sjølv omdisponerte. Rapporten, som er skreve på grunnlag av kart og GIS-analysar, viser at totalt nedbygd landbruksareal fra 2004 til 2015 er til saman på 6581 daa for Møre og Romsdal. Av dette sto landbruket sjølv for 1377 daa, medan bustadbygging omdisponerte mest med 2220 daa i samme perioden. Rapporten finn du som vedlegg.
Vedlagt finn du link til Landbruksdirektoratet og Landbruks- og matdepartementet sine heimesider med meir informasjon om omdisponering av matjord og nydyrking for 2016.