10 motsegner på vegne av jordvernet - kommuneplan Surnadal
Landbruksnæringa er, på lik line med andre næringar og kanskje i enda større grad, avhengig av kjente arealmessige rammer og moglegheit for utvikling. Fylkesmannen meiner at Surnadal kommune kunne prioritert landbruksnæringa og jordvernet enda sterkare enn kva forslaget til ny kommuneplan no legg til grunn. Dette for å nå dei nasjonale målsettingane om auka matproduksjon og sjølvforsyningsgrad, samt tydelige styringssignal om auka fokus på jordvern.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Surnadal er blant dei aller viktigaste landbrukskommunane i Møre og Romsdal. Dette gjeld både jordbruk og skogbruk. Stortinget vedtok den 8. desember 2015 ein ny nasjonal jordvernstrategi der dei satt ei ny målsetting om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 dekar, og bad regjeringa om at målet nås gradvis innan 2020. I eit brev til landets kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale at han har tillit til at kommunane og fylkeskommunane i si forvaltning og planlegging følgjer opp det målet Stortinget har fastsett, og at Fylkesmannen bidreg med rettleiing og formidling av statlege interesser tidleg i denne planlegginga. Brevet finn du her .
Næringskomiteen på Stortinget har også kommentert følgjande; - «Komiteen meiner at det er viktig at Fylkesmannen har moglegheit til å gje motsegn når jordvernet ikkje vert tilstrekkeleg teke omsyn til», og at «ein streng praktisering av plan- og bygningslova er, etter komiteen sitt syn, det viktigaste verkemiddelet for å sikre eit sterkt jordvern». Dette vart også påpeika i etatsstyringsmøte mellom departementa og fylkesmannen 26. april 2016.
I vår vurdering av konsekvensutgreiing og planomtale til alle kommuneplanar, så er det spesielt to område som Fylkesmannens landbruksavdeling legg særskilt vekt på, før vurdering av einskilte innspel/tiltak. Det er eit tydeleg og realistisk arealrekneskap og alternative lokalitetar. Arealrekneskapet må synleggjere dagens situasjon med tilgjengeleg areal/tomter for både bustad,- fritids,- og næringsområde, og kva det faktiske behovet i planperioden vil vere, basert på statistikk og framskrivingar av folketal i dei ulike delane av kommunen. Eit arealrekneskap med stor avstand mellom planlagt utbygging og reelt behov, eller mangel på ei slik vurdering, gjev ofte grunnlag for motsegn på vegne landbruksinteressene, der dyrka mark vert foreslått omdisponert. Fylkesmannen kan ikkje sjå at Surnadal kommune har lagt eit arealrekneskap til grunn for sine vurderingar, eller at det er vurdert alternative lokalitetar, der tiltaket vil føre til nedbygging av landbruksareal.
Surnadal kommune skriv i si oppsummering på landbruk, at planen vil føre til nedbygging av 71 daa dyrka mark. Fylkesmannen finn i si vurdering eit høgare tal, då vi legg til grunn at innafor nemninga dyrka mark inngår både fulldyrka mark, overflatedyrka mark og innmarksbeite. Vi ber kommunen om å kvalitetssikre tal daa til faktisk nedbygging av dyrka mark. Fylkesmannen er positiv til at jordbruksareal vert tilbakeført til lnf-føremål (ca. 35 daa) og at det blir oppmoda til nydyrking. Likevel vil nydyrking som kompenserande tiltak, samt foreslått nedbygd areal, samla sett gje eit stort nettotap av matproduserande areal.