Skogfondsoppgåver for kommunane før årsoppgjer 2024

Under er ei oversikt over oppgåver kommunane må utføre i ØKS på slutten av året:

Publisert 05.11.2024
  1. Siste frist for føring av saker med tilskot

  • Tirsdag 3. desember er siste frist for å godkjenne tilskot i ØKS
  • Sørg for at krav er godkjent i kommunen innan fristen.
  1. Godkjenne VSOP forsendelse

  • Sending 2024-11 er klar i ØKS 8. november og må godkjennast innan 22. november.
  • Sending 2024-12 er klar i ØKS 9. desember og må godkjennast innan 20. desember, men gjerne før den tid.
  1. Kontovedlikehald

  • Kommunane må gå igjennom skogfondskontoane og oppdatere med tanke på eigarskifte, dødsfall og liknande.
  • Det skal ikkje være annan eigar enn den som er tinglyst eigar på eigedomen. Sjekk matrikkelen.
  • Sjå ØKS → Vedlikehald → Skogfondskonto og søk på kategori «Alle».
  1. Utbetaling frå skogfondskonto for skog under 10 daa (-9999)

  • Saldo skal være 0,- ved årsskifte.
  • Søk opp kontoen under Vedlikehald → Søk opp konto.
  • Bruk kode 700 Tilbakebetalt for å utbetale midlar frå denne kontoen.
  1. Utbetale tilskot i saldo

  • Tilskot i saldo skal utbetalast før årsskifte
  • For å sjekke saldo køyr Rapport 54 Tilskudd i saldo.
  • Ved utbetaling skal same kode som ved innbetaling nyttast.
  1. Gjennomgå tiltak med kostnadar utanfor rimeligheitsverdi

  • ØKS-rapport nr 1 under Rekneskapsanalyse kan nyttast.
  • Viss det er postar med feil som skal rettast, ta kontakt med Statsforvaltaren.
  1. Skogfond → Innboks → Alle under behandling i ØKS

  • Gå igjennom alle registrerte krav, slett dei som ikkje skal utbetalast.
  • Gå igjennom krav returnert til skogeigar og slett det som kan slettast.
  • Lista bør være tom ved overgangen til nytt år.
  1. Siste frist for utbetaling er skogfond i ØKS

  • Fredag desember er siste dag for godkjenning av refusjonskrav utan tilskot. Godkjennar i kommunen må ha godkjent saken for at den skal utbetalast.
  • I praksis vil kommunen sin siste frist være søndag 29. desember. Vi utbetaler mandag 30. desember for siste gang i 2024.

Hugs at siste frist for ekstra innbetaling av skogfond er 5. januar 2025 viss det skal bokførast på 2024.