Informasjonsbrev veke 51/2024
- Bruk av SMIL-midlar i 2024
- Bruk av midlar til utvalde kulturlandskap i 2024
- Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 2/24
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024-12, frist fredager 20. desember
- God jul frå landbruksavdelinga!
Bruk av SMIL- midlar i 2024
I 2024 blei det innvilga i underkant av 10,8 millionar kroner i tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) her i fylket. Dette var fordelt på 242 SMIL-tiltak. Her finn du meir info om søknadsomgangen 2024.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Bruk av midlar til utvalde kulturlandskap i 2024
I Møre og Romsdal har vi fire område med utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL). I 2024 blei det innvilga i underkant av 2,9 kroner til tiltak i UKL-områda. Her finn du meir info om søknadsomgangen 2024.
Kontaktperson: Marianne Aas Halse
Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 5/24
Her kan du mellom anna lese om:
- Årets julegave: samtaleroboten Ask i Gårdskart!
- Verdiskaping i jordbruket i Arealbarometer
- Oppdaterte kartlag i Kilden
- Kurs i AR5web
Gårdskart aktuelt finn du HER
Kontaktperson: Odd Løset
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 12, frist fredag 20. desember
Virkesopplysningar for periode 2024 -12 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er fredag 20. desember, men helst før den tid! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
God jul!
Seksjon Landbruk vil takke alle i landbruksforvaltninga i kommunane for godt samarbeid i året som har gått! Ynskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!