Informasjonsbrev veke 42/2022
- Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2022-10
- Seminar om landbruksplast i jord og vatn
- Fagdag for småskala grønsaksdyrking i Møre og Romsdal
- Skogsamling 16. og 17. november i Ørsta
- Meir bruk av tre i offentlige bygg – søk om midlar til kommunen sine prosjekt!
- Avlyst demonstrasjon av Agros 20. oktober - om rapportering for UKL, ARV og SMIL
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2022-10
Virkesopplysingar for periode 2022-10 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for godkjenning er tirsdag 25. okt. Hugs eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Seminar om landbruksplast i jord og vatn
Statsforvaltaren er delaktige i Forum Landbruksplast. Forumet arrangerer seminar onsdag 26. oktober, med føremål å jobbe saman for å finne løysingar på plastforureininga i naturen. Du kan delta digitalt eller fysisk i Bergen.
Meir informasjon og påmelding her
Kontaktperson: Britt Kari Eidseflot Hauger
Fagdag for småskala grønsaksdyrking i Møre og Romsdal
Laurdag 5. november kl 10 – 16, Molde
Statsforvaltaren inviterer småskaladyrkarar til fagdag og arbeidsøkt saman med innovasjonsselskapet Protomore.
Målet er å bli meir medvitne om:
- Moglegheiter
- Val av salskanalar
- Marknadsføring
- Auk lønsemd
Dagen vil vere ein arbeidsverkstad der ein jobbar med eiga bedrift i samarbeid med andre.
Fagdagen er gratis. Meir informasjon og påmelding (frist er 1.november).
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Skogsamling 16. og 17. november i Ørsta
Vi minner om fagsamling skogbruk på Hotel Ivar Aasen i Ørsta. Ei samling for offentleg forvaltning og andre som arbeider innanfor skogbruk i regionen.
Meir informasjon, program og påmelding finn du her
Elektronisk bindande påmelding innan 19. oktober.
Kontaktperson: Odd Løset
Meir bruk av tre i offentlige bygg – søk om midlar til kommunen sine prosjekt!
Ønsker din kommune å bruke meir tre i byggeprosjekt? Kanskje de også har ambisjonar om sirkulære løysingar? Kommunane har ei viktig rolle som bestillarar av bygg. Gjennom Tredrivaren sitt kompetanseprogram kan kommunane i Møre og Romsdal søke om støtte for å få økt kunnskap på dette området.
Statsforvaltaren lyser ut støtte til prosjekt i fylket som i stor grad vil bygge i tre, og gjerne gjenbruk av materiale. Støtta på inntil kr 40.000 pr prosjekt kan brukast til utgreeing, forprosjekt eller studieturar.
Les mer her
Kontaktperson: Christina Qvam Heggertveit
Avlyst demonstrasjon av Agros 20. oktober - om rapportering for UKL, ARV og SMIL
I morgon (20.oktober) skulle Landbruksdirektoratet hatt ein demonstrasjon av rapportering for UKL, VAR og SMIL i Agros, på Teams. Denne er no avlyst.
Brukarrettleiingar og tidlegare opptak frå teamsmøte om Agros ligg på Landbruksdirektoratet si nettside for elektroniske tenester – Agros.
Ta gjerne ein titt på opptak av teamsmøta om:
- Om standardrapporter i Agros: UKL og ARV frå 29.okt 2021
- Rettleiing om UKL og ARV: rapportering og bruk av avansert søk frå 29.okt.21.
Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas