Informasjonsbrev veke 39/2022
- Mentorordninga i landbruket
- Statistikk for kommunar og fylker
- Faktaark om kommunane
- Ny versjon av SKART tilgjengeleg i App Store og Google Play
- Påminning om resultatkartlegging og foryngingskontroll
- Stort engasjement på samling for kommunal jordbruksforvaltning
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mentorordninga i landbruket inneber at ein som ny bonde kan gjere ein formell avtale med ein erfaren kollega om å vere diskusjonspartner i drifta gjennom eit år. Tilbodet omfattar alle produksjonar, også Inn på tunet og lokal foredling. Unge bønder under 35 år skal prioriterast i ordninga.
Tilbodet er gratis. Søknadsfrist 1. desember.
Meir informasjon finnast her
Informer gjerne om tilbodet til nye bønder i kommunen!
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Statistikk for kommunar og fylker
Vi har gjort tilgjengeleg eit rekneark som baserer seg på søknadsdata frå søknader om produksjonstilskot. Talgrunnlaget strekker seg tilbake til 2000. I dette reknearket kan ein finne tal for både status og utvikling for landet eller for eit fylke eller ei kommune.
Ein styrer kva ein vil sjå tal for ved å filtrere eller ta bort filtrering. Det er berre å prøve seg fram. Det går ikkje an å gjere mykje gale. Databasen er skjult og skrivebeskytta.
Reknearket ligg på heimesida vår: Statistikk kommunar og fylker | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)
Kontaktperson: Per Eldar Nakken
I samband med ei verdiskapingsanalyse for landbruket i Møre og Romsdal som NIBIO har laga no i 2022, er det også utarbeidd eigne faktaark for kvar kommune. Desse inneheld opplysningar om m.a. innbyggartal, areal, jordbruksareal, tal føretak, verdiskaping målt som bruttoprodukt m.v. Dette er nyttig oppslagsverk og informasjon om næringa som no ligg tilgjengeleg på heimesida vår: Faktaark kommunane - 2022 | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)
Kontaktperson: Per Eldar Nakken
Ny versjon av SKART tilgjengeleg i App Store og Google Play
Appen SKART har vore nytta til resultatkartlegging sidan tidleg i haust. Denne har fått gode tilbakemeldingar, men det er oppdaga nokre feil.
Desse feila er retta og ny versjon er tilgjengeleg i App Store og Google Play. Brukarane må enten laste ned ny versjon eller oppdatere den gamle. Prosedyren er avhengig av kva innstilling ein har på telefonen (automatisk oppdatering av apper).
I ny versjon av SKART vert brukar automatisk logga ut etter 72 timer utan aktivitet.
Kartleggingar under arbeid vil framleis vere tilgjengelege om ein ikkje slettar gamal versjon før ny vert installert.
Det vil og bli lagt ut informasjon om ny versjon av SKART på startsida i ØKS.
Kontaktperson: Odd Løset
Påminning om resultatkartlegging og foryngingskontroll
Det er få registreringar i ØKS etter foryngingskontrollar og resultatkartleggingar rundt om i fylket. No og framover er det lett å telje småplanter.
Utvalde felt i sin kommune finn ein under fana Kontroll i ØKS.
Dette er ein lovpålagt oppgåve etter Skogbrukslova og ein ber om at dette arbeidet vert prioritert.
Kontaktperson: Odd Løset
Stort engasjement på samling for kommunal jordbruksforvaltning
Den 21.-22.september arrangerte Statsforvaltaren forvaltningssamling for dei kommunale landbrukskontora i Møre og Romsdal. Samlinga hadde eit variert program og god deltaking frå alle kommunane.
Les meir om samlinga her
Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas