Informasjonsbrev veke 36/2024

  • Tilskotsordningar innan næringsutvikling, kompetanseheving og rekruttering i landbruket hausten 2024 - søknadsfristar 
Publisert 04.09.2024

Tilskotsordningar innan næringsutvikling, kompetanseheving og rekruttering i landbruket hausten 2024 - søknadsfristar 

På vegne av Møre og Romsdal Fylkeskommune informerer vi om: 

Fylkeskommunen har to tilskotsordningar med føremål å legge til rette for næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket, med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket. Til saman er der i haust omlag 2,7 millionar kroner att i dei to ordningane. Fylkeskommunen er ute etter gode prosjekt som kan bidra til verdiskaping i tråd med måla i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal 2023-2026 

  

Meir informasjon om føringar og vilkår: 

Ordninga Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket har søknadsfrist: 15. oktober.   

Ordninga Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket har løpande søknadsfrist. 

  

Kven kan søke: Kommunar, organisasjonar, forsking- og utviklingsinstitusjonar. 

 

Kontaktperson i Møre og Romsdal Fylkeskommune: Kirsti Hjelme Connor