Informasjonsbrev veke 30/2024
- Invitasjon til små lokale matprodusentar til Matfestivalen i Ålesund 22. - 24. august
Publisert 24.07.2024
Invitasjon til små lokale matprodusentar til Matfestivalen i Ålesund 22. - 24. august
Matfestivalen i Ålesund gjer terskelen lav for små lokalmatprodusentar å delta som utstillarar. Del gjerne denne informasjonen vidare:
Det er mogeleg å melde seg som utstillar ein eller fleire dagar, utan å aleine tenke på og styre med all logistikken rundt å ha eigen salsbod. Alle lokalmatprodusentane vert samla i eit eige SMAK M&R telt.
Kontaktperson: Marie Teigland