Informasjonsbrev veke 10/2025

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Webinar – Vannforvaltning og landbruk 
  • Ny versjon av SKART 
  • Skogsamling i Møre og Romsda
Publisert 05.03.2025

Webinar – Vannforvaltning og landbruk 

Landbruk kan påverke bekkar, elvar og innsjøar gjennom fysiske endringar og gjødselavrenning. 

 

Saman med Statsforvaltaren sin seksjon naturforvatning arrangerer vi eit webinar for å: 

  • Auke kunnskapen om vassforvaltning og forstå samanhengane 
  • Kva informasjon kommunen treng for å gjere gode vurderingar før vedtak 

Dette er relevant for behandling av SMIL og drenering, samt søknader om nydyrking. 

 Dato: 11. mars kl 10-11 

Lenke: TEAMS - Bli med i møtet  

 

Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset 

 

 

Ny versjon av SKART 

Ny versjon SKART-appen er no tilgjengeleg for nedlasting Google Play og AppStore. Den inneheld nokre nye funksjonar, og den viktigaste endringa er at skogbruksplandata er implementert i kartgrunnlaget. Skogbruksplandata ligg som to grunnkart i kartmodulen:  

  • Splan Standard 
  • Splan Satelitt 

Når ein vel eit av desse vil ein kunne få oppdatert informasjon om eit bestand. 

 Så last ned eller oppdater SKART-appen! 

 

 Kontaktperson: Odd Løset 

 

Skogsamling i Møre og Romsdal 

Den årlege skogsamlinga for kommunane blei arrangert i Ålesund 25.- 26. februar. Næringsorganisasjonane og andre som arbeider med skogbruk i fylket var også invitert. Det gjorde at 45 skoginteresserte blei samla.  

 Det var innlegg frå mellom anna: NIBIO, Landbruksdirektoratet, Statsforvaltaren, Skogselskapet og dei største næringsaktørane.  

 Skogsamlinga er ein viktig møteplass, både fagleg og sosialt for dei som arbeider med skogbruk i Møre og Romsdal.  

 Meir om samlinga og delar av innlegga finn du HER. 

 

Kontaktperson: Odd Løset