Informasjonsbrev veke 07/2025

- Tilskot til miljøtiltak i skog 2025
- Webinar 14. februar: Landbruksplast - påverknad på jordmiljø og planter
- VIKTIG - RMP – Siste frist for endelig godkjenning av søkndar er fredag 14.februar
Tilskot til miljøtiltak i skog 2025
Tilskotet gjeld tiltak som tek var på og vidareutviklar miljøverdiar i skog.
Nasjonal ramme er i år 3 mill. kroner. Det er ingen søknadsfrist. Kommunane handsamar og løyver søknadene fortløpande. Det er ingen endringar i regelverket i høve til tidlegare år. Meir informasjon finn du her: Tilskudd til miljøtiltak i skog.
Ei nærare orientering til forvaltninga om sakshandsaming ligg her: Tilskudd til miljøtiltak i skog - nasjonal ramme og saksbehandling.
Kontaktperson: Odd Løset
Webinar 14. februar: Landbruksplast - påverknad på jordmiljø og planter
Bli med på eit spennande webinar i regi av Forum Landbruksplast, der dei presenterer rykande ferske forskingsfunn frå PROLAND- og PAPILLONS-prosjekta. Plast blir brukt i stor skala i moderne landbruk, men korleis påverkar det jordmiljøet og plantar? Dette webinaret gir deg ny innsikt som gir eit betre grunnlag for å drive berekraftig landbruk.
Målgruppe: Alle som ønskjer meir kunnskap om rolla til plasten i landbruket.
Link til meir informasjon om webinaret + påmelding
Dato: 14 februar, 12:30-13:30
Teams-lenke for å delta blir sendt til alle påmelde før klokka 10 den 14. februar.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
VIKTIG - RMP – Siste frist for endelig godkjenning av søkndar er fredag 14.februar
- Fredag 14. februar 2025 er frist for endeleg vedtak (Endeleg godkjenning) av søknadene i eStil- RMP.
- Kommunen skal ikkje «Endelig godkjenne» fleire søknader f.o.m. 17. februar t.o.m. 13. mars. Det er viktig at kommunen ikkje «Endeleg godkjenne» i denne perioden, slik at utbetalinga ikkje blir forstyrra og søkjarar får tilskotet på rett tidspunktet.
- Kommunen kan halde fram med å jobbe med søknader som har status «Mottatt» og «Under behandling» og behandle dei til status «Foreløpig godkjent».
Manglar de godkjenner tilgangar, ta kontakt med Åslaug eller Per Eldar.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset