Tid for oppdatering av arealressurskartet (AR5)
Kartverket vil gjennom NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) oppdatere arealressurskartet for mange kommunar i Møre og Romsdal i 2019. Store delar av Møre og Romsdal vart fotografert i 2018, og bileta vert klare til bruk frå 2019. Det ligg føre planar om å oppdatere kartlaget i 16 kommunar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Oppdatering
Vedlikehald av kartet skjer på to måtar, kontinuerleg og periodisk. Kommunane gjennomfører det praktiske arbeidet med vedlikehald av fleire kartlag, m.a. AR5.
Det er ei nasjonal målsetting å gjennomføre periodisk ajourføring av AR5 i eit omløp på 4-7 år. Kommunane oppdaterer kartlaget årleg, men ofte vil nydyrking og bygningar vere det som har størst fokus. NIBIO ser over heile kommunen og vil gjennom sitt ajourhald også fange opp andre endringar som t.d. gjengroing.
Kva kartet viser
Arealressurskartet viser arealtilstanden gjennom samanstilling av ulike arealtyper, skogbonitet, treslag og grunnforhold. Arealtype kan t.d. vere fulldyrka jord, innmarksbeite eller skog. Kartet har mange bruksområde.
Mange bruksområde
Kartet er viktig verktøy i det daglege for mange brukargrupper, og vert brukt i all slags samfunnsplanlegging. Eksempel på bruksområde kan vere:
- Kontrollgrunnlag og grunnlag for utrekning av arealtilskot i jordbruket
- Dokumentasjon i Gardskart
- Sakshandsaming
- Lovsaker (Odelslov, jordlov osb..)
- Arealplanlegging
Saman med eigedomskartet dokumenterer AR5 kor mykje jordbruksareal ein bonde driv og disponerer. Om eit areal er dyrka eller ikkje, er avgjerande for sakshandsaminga etter fleire lovverk. Kor mykje dyrka jord som høyrer til ein eigedom definerer m.a. krav til buplikt og konsesjonsplikt.
Kontaktpersoner
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 / 99 04 10 06