Over 50 % auke i tømmerprisen på gran siste 3 år i Møre og Romsdal

I august 2021 fekk ein i gjennomsnitt 430 kroner pr. kubikk levert gran. For mai-juni i år er tilsvarande pris kring 650 kroner. Det inneber ei auke på 220 kroner pr. kubikk, noko som tilsvarar 51 prosent.

Publisert 11.07.2024

Det har dei siste åra vært ei god utvikling i verdien på grana som er hogd og levert her i fylket. Sidan stormen Dagmar i 2011 har hogsten auka, og i overkant av 90 % av tømmeret levert frå Møre og Romsdal har vore gran.

Noko som løfter granprisen her i fylket er god kvalitet. Mellom 70-80 % av grantømmeret vert sortert som sagtømmer. Det gjer at gjennomsnittsprisen for grantømmeret frå vårt fylke vert relativt høg samanlikna med andre delar av landet. Det er lite skadar på tømmeret som fører til nedklassifisering. Vi har nesten ikkje rotråte på grana som elles i landet kan redusere tømmerverdien med 7-10 prosent. Hjortegnag kan skje og gje inngang til råte, men heldigvis er det i mindre monn. Det er nesten ikkje tørrgran som er eit vanleg sortiment på austlandet.

Samstundes med auken i tømmerpris, har det og skjedd ei auke i driftsprisen. Det følgjer naturleg av auka maskinkostnader, rentestigning og inflasjon. Maskinentreprenørane må ta dette inn gjennom driftspris. Men driftsprisen har ikkje auka i takt med tømmerprisen. Skogeigaren vil difor sitje att med betydeleg meir pengar etter ei skogsdrift no enn for tre år sidan.

Tømmerprisane stig framleis, og siste auken er ikkje synleg i berekningane over. Prisane ligg rundt 750-800 kroner per kubikk for sagtømmer av gran og tilsvarande for massevirke er kring 500 kroner.

Statsforvaltaren vil oppmode skogeigarar som vurderer hogst å ta kontakt med fleire kjøparar for oppnå best mogleg pris. Det kan og vere nyttig å rådføre seg med skogansvarleg i kommunen. Samarbeid med naboar er ofte naudsynt for å få til best mogleg resultat.

Granskogen her i fylket veks godt, særleg i åra før skogen er hogstmoden. Når kvart tre blir større, aukar sagtømmerandelen. Meir sagtømmer og auka volum, kan doble verdien pr dekar dei siste 20 åra. Ved å hogge for tidleg risikerer både skogeigar og klima store tap.   

 

image7lmsr.png

 

Kontaktpersoner