Satsing på vegprosjekt hausten 2016
Mange stader rundt om i fylket er der vegar med svake punkt, som gjer at tømmervogntog ikkje kan køyre med fulle lass. No vert det arbeidd for å betre standarden.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vegplanleggjar Søre Sunnmøre
Asle Lyslo er gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Mørenett leigd inn frå Sogn og Fjordane, for å drive med vegplanlegging sør for Storfjorden på Sunnmøre. Asle skal berre nyttast til den tekniske delen, legging av tracé med stikking og berekning av massar fram til ferdig vegprosjekt. Skogeigarar som vil byggje veg kontaktar skogbrukssjefen, som tidelegare. Prosjektet vil gå med årleg vurdering om forlenging.
Registrering av flaskehalsar på kommunale vegar
Fylkesmannen har i sitt embedsoppdrag fått i oppgåve å registrere kommunale vegar med flaskehalsar for tømmertransport (punkt som er til hinder for å køyre fulle lass og bruk av lang hengar til transport av tømmer). Auka bruksklasse og lengre og tyngre vogntog reduserer kostnader, og aukar konkurranseevna til norsk tømmer.
I den samanhengen har Fylkesmannen sett i gang eit prosjekt i samarbeid med Statens vegvesen og Møre og Romsdal skognæringsforum, der Jan Olsen frå Skogbrukets kursinstitutt er leigd inn for å gjennomføre møte med alle kommunane. Møta vil dreie seg om informasjon om tømmer som ei ny næring for store delar av fylket. Veglista blir gjennomgått, for å sjå om det finns kommunale vegar utan flaskehalsar, som kan skrivast opp. Like viktig er det å få registrert og prioritert dei flaskehalsane som finns, med tanke på tømmertransport. Då kan utbetring av flaskehalsar vurderast etter nytte for tømmer ilag med alle andre næringar som treng betre bereevne på vegane, og har behov for større tonnasje og lengde på biltransport.
Alle kommunar vil bli inviterte til 6 møte rundt om i fylket, med informasjon og vegliste, krav og kapasitet for tømmertransport, samt bruk og innsending av endringar i veglista.
Fyrste møter er i Ørsta 9. november og på Stranda 10. november.
Kontaktpersoner
-
Åsmund Asper
Tlf: 71 25 84 07 / 91 88 32 36