Skogsvegar

Statsforvaltaren har ansvaret for at kommunane følgjer opp regelverk og forskrifter for bygging av landbruksvegar.

Nyanlegg og utbetring av landbruksvegar og skogsvegar skal søkjast om og godkjennast av kommunen. Alle vedtak om bygging av skogsvegar blir sendt statsforvaltaren til orientering.

Statsforvaltaren er klageinstans for dei kommunale vedtaka kring landbruksvegar. 

Du kan søkje om tilskot til bygging av skogsvegar. Søknaden skal sendast til kommunen, som sett årlege retningsliner for tilskot.

Skogfond kan brukast til bygging av nye skogsvegar og ombygging og opprusting av eksisterande skogsvegar. Både skogsbilvegar og traktorvegar er omfatta av denne ordninga. Skogfond kan også brukast til sommarvedlikehald av skogsbilvegar (ikkje traktorvegar).


Publisert 29.10.2021

Oppstartsmøte for prosjekt «Analyse av flaskehalsar på kommunalt vegnett»

Onsdag 19. oktober arrangerte Kystskogbruket i samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal eit oppstartsmøte for «Analyse av flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport på kommune- og fylkesvegar i Møre og Romsdal»


Publisert 12.05.2017

Status Flaskehalsarbeid i Møre og Romsdal mai 2017

Det nyttar å arbeide med utbetring av flaskehalsar i tømmertrransporten. Eit prosjekt med fokus på flaskehalsar i vegnettet har ført til oppgradering av mange strekningar, men mykje står att. Oppgraderingane fører til meir effektiv tømmertransport, med færre turar.


Publisert 04.11.2016

Satsing på vegprosjekt hausten 2016

Mange stader rundt om i fylket er der vegar med svake punkt, som gjer at tømmervogntog ikkje kan køyre med fulle lass. No vert det arbeidd for å betre standarden.


Publisert 22.09.2016

Endeleg Ørstaterminalen sin tur

Etter tredje gongs søknad fekk endeleg Ørstaterminalen tilsagn om midlar til tømmerkai. Landbruksminister Jon Georg Dale møtte sjøl opp i Ørsta 21.09.2016, og fortalde om gladmeldinga.