Klimaendring og gransnutebiller tema på skogsamling
Gransnutebillene et opp nyplantingane, men korleis kan vi hindre det? Klimaendringane vil også påvirke skogbruket, men korleis – og er det positivt eller negativt?
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Skogsamling med viktig informasjon
Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerte den årlege skogsamlinga for kommunane og andre som arbeider med skog i fylket arrangert i Ålesund den 14. – 15. februar. Fylkesmannen gir informasjon om nytt i regelverket, og oppsummerer skogbruksaktiviteten i fjoråret. Tømmerkjøparane er og til stades og informerer om deira aktivitet. Det var også tre viktige innlegg frå forskarmiljø.
Gransnutebiller et opp nyplantingane
Ane Vollsnes frå Universitetet i Oslo fortalte om eit feltforsøk med ulike rådgjerder mot biller i nyplanta granfelt. Vårt fylke har store utfordringar med skader av gransnutebille på småplantene. Vollsnes har forsøksflater i 8 fylker i tillegg til vårt felt, som ligg på Rykkjem i Sunndal. I forsøksfelta vart billeskader på planter utan noko behandling, planter som var påført sprøytemiddel og planter med voks samanlikna etter ein vekstsesong. Voksen er påført i eit lag på nedre del av planta i ca. halve trehøgda, slik at billa ikkje fekk tilgang til å gnage på stammen.
Resultat av billekamp
Vårt felt på Rykkjem hadde mest billeskade av alle fylka. Alle plantene utan behandling hadde gått ut, medan 65 % av dei voksbehandla plantene var uskadde. I dei andre fylka var over 90 % av dei voksa plantene utan billeskader. Vollsnes hadde vanskeleg for å forklare kvifor vårt felt var så utsett. Forsøksfeltet vårt var ein del av ei større hogstflate, som hadde blitt utvida over fleire år, og kanskje gitt stor formeiring av biller. Vidare var dette eit kulturskogareal, der det var lite anna næring for billene. Forsøket viser tydeleg at voks hjelper, og at behandling mot biller er heilt naudsynt i våre plantefelt. Voksbehandling av skogplanter er relativt nytt, og vi har framleis håp om at vidareutvikling av dette kan vere med å løyse våre utfordringar med snutebilleskader.
Kva vil klimaendringar bety?
Svein Solberg frå NIBIO heldt eit innlegg om klimaendringar og skogbruk på Vestlandet. Forsking har vist at produksjonsevna til skogsmarka har auka markant dei siste 50 åra. Det skuldast auka temperatur og lengre vekstsesong, og kanskje noko næringstilføring gjennom nedbør. Eit villare klima, med meir stormar og nedbør, vil påverke driftsformene i skogbruket. I våre bratte lier vil meir bruk av taubane og vinsj vere aktuelt. Snauhogst fører til auka avrenning med fare for flaum og skred. Ved graving i liene må ein sikre at eksisterande avrenningsmønster vert oppretthalde.
Professor Line Nybakken hadde gjort studiar av kva temperatur og tilføring av næring gjorde med våre skogstrær. Auka temperatur førte til auka vekst og lengre vekstsesong. Plantene viste stor evne til å tilpasse seg endra temperatur. Temperatur er avgjerande for knoppsprett om våren, medan daglengda styrer mest vekstavslutninga om hausten. Nybakken hadde også sett på kva som skjedde med skogstrea sitt «forsvarsapparat» (mot t.d. sopp- og insektangrep) ved auka vekst og gjødsling. Forsøk viste ein nedgang i einskilde antistoff i trea som var gjødsla. Det kan føre til redusert motstandskraft mot sopp- og insektangrep i framtida.
Fylkesmannen takkar for ei god samling og godt frammøte. Foto: Odd Løset
Grove kvistar gir kvalitetsfeil
Kontaktpersoner
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 / 99 04 10 06 -
Åsmund Asper
Tlf: 71 25 84 07 / 91 88 32 36 -
Christina Qvam Heggertveit
Tlf: 71 25 85 72 -
Åslaug Røberg
Tlf: 71 25 85 76
Dokumenter
- Program for skogsamlinga
- Aktivt Skogbruk 2017
- Allskog orientering
- Drift i bratt terreng - kommunen si rolle
- Megarden planteskole
- Naturtyper, miljøinformasjon
- Nortømmer
- Klimaendring og skogskjøtsel på Vestlandet
- Skogfond og rentemidlar
- Skogkultur, NMSK, skogbruksplan
- Skogsvegar og driftsteknikk
- Tredrivaren
- Utsiktsrydding
- Behandling mot gransnutebiller
- Tre, temperaturauke og gjødsling