Få støtte til oversikt over skogen din!

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

No kan skogeigarane i Fjord, Haram og Ålesund få støtte til å få kartlagt skogen sin og registrert miljøverdiar.

Publisert 27.01.2025

– Skogeigarar som bestiller skogbruksplan med miljøregistreringar vil gjennom dette prosjektet kunne få 52 prosent av kostnadane sine dekt, seier Odd Løset som er fylkesskogmeister hos Statsforvaltaren i Møre og Romdal.

Gir oversikt over ressursar
– Skogbruksplana gir ein oversikt over skogressursane på eigedomen. Den deler skogen inn i aktuelle einingar eller bestand basert på treslag, alder og volum. Dette hjelper skogeigar til å ta dei rette vala for å forvalte skogen, fortel Løset.

Plana blir levert på papir og/eller i digital versjon. Den inneheld eit kart med informasjon om bestand og eigedom.

– Med telefonen i lomma vil skogeigarar få tilgang til data i eige skog. Planen er også nyttig som takstgrunnlag, både for eigedomsoverdraging og låneopptak, seier Løset.

Ta vare på sårbar natur

For å selje tømmer må ein skogeigar ha gjennomført miljøregistreringar.

– Kravet er lovfesta. Denne registreringa gjer at vi kan ta vare på trua, sårbare, spesielle og sjeldne naturtypar i skog. Dette er avgjerande for å dokumentere at det vert drive eit berekraftig skogbruk, seier Løset.

Kan få støtte til prosjektet

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har løyvd tilskot til prosjektet.

– For å få støtte, må skogeigar bli med på prosjektet no. Dei får ikkje tilskot om dei bestiller skogbruksplanen seinare. Kostnadane som tilskotet ikkje dekkjer, kan eigarane hente frå eige skogfond om dei har det.

Vidare arbeid

Allskog har fått oppdraget med å gjennomføre prosjektet.

– Meir informasjon om prosjektet finn vi på nettsida deira: Pågående planprosjekter - Allskog. Det vert også eit informasjonsmøte via Teams onsdag den 29. januar, og Allskog vil sende ut påmeldingsskjema til alle skogeigarar med frist 5. februar, fortel Løset.

Skogbruksplanane vil bli levert hausten 2026.