Møre og Romsdal er sjølvforsynt med protein

Vi er sjølvberga med protein til innbyggarane i Møre og Romsdal i dag. Grasmarkene gir oss protein i form av mjølk og kjøt frå husdyra våre. Å sikre jordbruksdrift og husdyrhald vil vere avgjerande for matforsyningsberedskapen i fylket.

Publisert 18.10.2024

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kartlegg no matforsyningssikkerheita til fylket. Matforsyning er ei kjede frå jord til bord; frå produksjon og foredling, vidare til lager og distribusjon. Kartlegginga skal etterkvart danne grunnlag for vidare arbeid med risiko- og sårbarheitsanalysen for beredskapen i fylket.

Vi er eit grasfylke

Berre tre prosent av totalareala i Møre og Romsdal er jordbruksjord. Det er difor viktig å ta vare på, og ikkje bygge ned, desse areala.

Figuren under frå NIBIO sitt arealbarometer for Møre og Romsdal syner godt at vi er eit grasfylke. På den vesle biten som er jordbruksjord dyrkar vi gras og beite på 97,4 prosent. Berre 2,6 prosent av jordbruksareala vert nytta til å dyrke korn, potet, frukt, bær og grønsaker - mat som menneske kan nyttiggjere seg av direkte. Årsaka er at jordsmonn, klima, temperatur og nedbør gjer det vanskeleg å lukkast med meir varmekrevjande vekstar enn gras.

Figur som visar  bruk av jordbruksareal til ulike vekstar i Møre og Romsdal 2023.
Figur 1: Bruk av jordbruksareal til ulike vekstar i Møre og Romsdal 2023. (Kilde NIBIO arealbarometer, Produksjonstilskot 2023, Landbruksdirektoratet)

Grasetande husdyr

Sidan areala våre er godt eigna for grasproduksjon, har vi i Møre og Romsdal flest husdyr som har gras som si føde. Dette er drøvtyggarane mjølkekyr, storfe, sau og geit. Drøvtyggarane produserer kjøt og mjølk som vi menneske kan nyttiggjere oss av.

Figir som viar tal og fordeling av ulike husdyrslag i Møre og Romsdal, 2023. (Kilde NIBIO arealbarometer, Produksjonstilskot 2023, Landbruksdirektoratet.
Figur 2: : Tal og fordeling av ulike husdyrslag i Møre og Romsdal, 2023. (Kilde NIBIO arealbarometer, Produksjonstilskot 2023, Landbruksdirektoratet)

Potensial for meir korn, frukt og bær

Viss vi reknar på kor mykje vi produserer i jordbruket i Møre og Romsdal per innbyggar, ser vi at har veldig små menger av korn, frukt, bær og grønsaker per person. Dette er matvarer som inneheld mykje karbohydrat, vitamin og sporstoff, som er viktige i kosthaldet for å halde oss friske. Produksjon av desse matvarene har vi eit potensial for å auke, men det i særs liten grad. Vi er i hovudsak nøydde til å få desse matvarene tilført utanfrå.

Sjølvberga på protein

Om ein reknar produksjonen av egg, mjølk og kjøt i Møre og Romsdal om til kvar innbyggar i fylket, vil vi kvar av oss ha omlag 9 liter mjølk, 685 gram kjøt og 2,7 egg per innbyggar per veke. I desse matvarene er det livsviktig protein og feitt, og mengda vi produserer i dag er tilstrekkeleg til å dekkje behovet hos innbyggarane i Møre og Romsdal. I andre delar av verda er det protein som er det mest vanskelege næringsstoffet å vere sjølvberga av. Vi klarer det - i dag.

Gras og drøvtyggarar kan ete berre gras

Svin- og fjørfeproduksjonen er avhengig av kraftfôr tilført utanfrå, og kan derfor vere vanskeleg å oppretthalde i ein situasjon utan forsyningar frå omverda. Drøvtyggarane, sau og storfe, er ikkje avhengige av kraftfôr utanfrå. Dei kan klare seg berre på gras. I dag får drøvtyggarar i produksjon av mjølk og kjøt ekstra tilskot av kraftfôr, så om dei berre skal ete gras vil produksjonsmengda gå litt ned. Likevel vil våre drøvtyggarar som før seg på gras og beite vere ei sikkerheit for mattilgang for menneska her i fylket.

Vårt gull

Gras, kyr og sau er «Møre og Romsdal sitt gull». Dessverre er nedleggingstakta i desse produksjonane veldig stor. Om vi vil sikre matforsyningsberedskap i fylket må vi ta vare på jordbruket; areala, grasproduksjonen og tal drøvtyggarar som vi har i dag. Det vil sikre oss det livsviktige proteinet frå mjølk og kjøt i ei meir usikker framtid.

 

Kontaktpersoner