Framleis store tap av lam til jerv i Reinheimen

I fjor hadde Ulvådalen sausankarlag i Rauma rekordtap av lam til jerv. Snittet i beitelaget var 42,8 prosent tap. Også i år er det sett inn stor innsats og mange førebyggande tiltak. Snittapet av lam til jerv denne beitesesongen vart 37 prosent.

Publisert 22.10.2024

I mange år har det vore store tap av lam til jerv i fjellområda i Reinheimen i Rauma og Fjord kommunar. Også Verma beitelag hadde rekordstore tap i 2023. Snittapet deira var då på 31,4 prosent. I år var det 20 prosent.

Beitelaga har fått mykje tilskot til førebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskadar i mange år, og dei har prøvd ut alle tenkjelege tiltak. Over sju millionar kroner er brukt dei siste ti åra til førebyggande og konfliktdempande tiltak. Dei har blant anna gjetar med hund i fjellet gjennom heile beitesesongen, og kvar haust tidlegsankar dei alle sau og lam ned frå fjellet innan 5. september. Det er ingen tiltak som står uprøvd - utanom tiltaket å ikkje sleppe beitedyra i fjellet.

I slutten av september var Landbruks- og matminister Geir Pollestad på besøk hos beitebrukarane i Rauma og Fjord for å høyre deira historier. Først i september hadde dette området aleine 40 prosent av dei dokumenterte tapa av lam til rovvilt i landet. Beitelaga fortalte at dei har forsøkt alt, men det er ikkje råd å drive med saueproduksjon, med kvalitetsslakt og avlsarbeid, når dei mister dei beste lamma både for slakt og avl. Beitelaga var tydelege på at dei treng hjelp til å finne ei løysing. Nokre sauehaldarar har i haust allereie sendt heile besetninga til slakteriet og gjeve opp, og fleire sit på gjerdet og lurar på kva dei skal gjere.

Beitelaga er takksame for at Statsråden og leiarane i rovviltnemndene i region 6 og 3 har vore på besøk og høyrt på dei. No håpar dei det finnast nye tiltak som kan få tapa av lam til jerv ned i neste beitesesong.

Figur som viser Dokumenterte og antatt sikre lam drepe av jerv i perioden 01.04-05.09.2024.
Dokumenterte og antatt sikre lam drepe av jerv i perioden 01.04-05.09.2024. Skraverte område syner forvaltningsområda for jerv. Kjelde: Rovbase.no

 

Kontaktpersoner