Kraftkar kåra til verdens beste ost

Blåshimmelosten Kraftkar frå Tingvollost vart nyleg kåra til den beste osten på planeten etter ein overraskande og kjenslelada finale i 29. World Cheese Awards, i Basque Country city i San Sebastian. Kåringa skjedde i konkurranse med eit stort tal ostar frå heile verda.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.11.2016

Tidlegare har Kraftkar m.a. oppnådd gullmedal både i NM og i nordisk meisterskap. Tingvollost har også fått medaljar for dei andre ostane dei produserer.

Kåringa starta om morgonen, med omkring 266 dommararar frå 26 ulike nasjonar. 3021 ostar frå 31 land deltok.

66 lag plukka ut gull, sølv og bronse i ulike ostetyper, før ein supergull i kvar type vart sendt til superjuryen for endeleg kåring. Panelet vbesto av ekspertar frå Storbritania, Japan, Sør Afrika, Mexico, Frankrike, Italia og Sverige. Så vart utvalget redusert ned til 16.

Ein rørt Gunnar Waagen uttalte like etter kåringa "We’ve made cheese for about 10 years. We are a little family in the middle of Norway trying to do our best every day. We get up early and sleep late."

Nick Trioros i Canada’s Olympic Cheese, som leia den avsluttande juryeringa, sa: "The mould in this cheese is developed really nicely. It’s very evenly distributed. On top of that, the texture is great: when it crumbles you get a soft creaminess. And on the finish, it coats your tongue with a real soft landing."

Les også kva media skreiv om kåringa.