Kreativitet under innovasjonscamp på Gjermundnes

Elevane på Gjermundnes vidaregåande skole fekk prøve seg på bedriftsutvikling onsdag 24.10.2018. Vinnarlaget hadde ein godt gjennomtenkt og gjennomarbeidd idé, men også andre grupper jobba godt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.10.2018

Vinnar vart Tresgården

Gruppa utvikla eit konsept som kombinerte produksjon av lam/sau og geit med tillegg av andre tenester basert på ressursane på bruket. Dei ville drive utleie av hytter, lokale til arrangement, båtar, bruke dyra og bruket til å drive med terapi og friluftsaktivitetar, og dei ville engasjere seg i fosterheimsarbeid. Dei la vekt på å samarbeide med andre ressursar.

Begrunninga frå juryen: Godt gjennomtenkt forretningsidé med fleire bein å stå på, og mulegheit for å kombinere aktivitetane. Gruppa hadde god bærekraftig profil på konseptet, fokus på samarbeid med andre aktører, og framførte en god presentasjon.

Andreplassen til Sias småbruk

Dei skulle på sikt utvikle storbestand av sauer, drive avl og sal av gode livdyr til andre gardar, og sal av ull og kjøt. Eigenproduksjon av fôr tilsett berekraftige ingrediensar frå bruket si strandlinje. Dei ville også utvikle og leige ut geiter til beitepuss, som truleg kan gje gode inntekter.

Oppgåva

Studentane ved Gjermundnes fekk i oppgåve å utvikle eit økonomisk forsvarleg og berekraftig konsept for ei småbruk dei hadde overteke. Bruket hadde 50 dekar dyrka jord, 200 dekar skog, strandlinje, seterområde, ammekyr, sauer og geiter – eit svært allsidig bruk, med mange mulegheiter, men utan dei store ressursane. Der var også ny fjøs og låve på bruket, i tillegg til bustadhuset. Oppdraget til elevane var utforma i Landbruksavdelinga i Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Innovasjonscamp

Ungdomar i ungdomsskulen og vidaregåande skule over heile fylket får kvart år øve seg i slike oppgåver som dette. Det er svært nyttige kunnskapar og ferdigheiter å kunne takle omstilling og utvikle nye idear. Mange av jobbane i framtida finst ikkje enno, og menge av dei vi har i dag, vil forsvinne.

Juryen

I juryen sat Bjarne Øygard, Innovasjon Norge, Arnold Hoddevik, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Gunnar Kvalsund, Vestnes Næringsforum.

HoppID og Ungt Entreprenørskap

HoppID er fylkeskommunen si satsing på etablerarhjelp, gjennom kurs, rettleiing og nettverksbygging. I dag finst det 30 hoppid-kontor i fylket vårt. Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, kommunane og Innovasjon Norge samarbeider om satsinga. Du kan lese meir om dette på Hoppid.no.

Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal sto for gjennomføringa på Gjermundnes. Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal (UE MR) er ein ideell organisasjon, som vart stifta 8.2.2001. Stiftarar var bedrifter, organisasjonar og offentleg sektor i fylket.

Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal forvaltar merkevara til UE, og tilbyr undervisningsmateriell, aktivitetar og kurs for heile utdanningsløpet. Målet er at alle elevar og studentar i fylket skal få god entreprenørskapsopplæring. Saman med lokalt arbeids- og næringsliv skal dei gje elevane meir kunnskap om kva muligheiter som finns i omverda og i dei sjølve! Årleg nyttar omlag 9000 elevar og studentar seg av undervisningsprogram frå Ungt Entreprenørskap. Les meir om Ungt Entreprenørskap på www.ue.no/More-ogRomsdal/