Fylkesstrategi landbruk med fokus på verdiskaping og berekraft
Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar. Dette er det overordna målet i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal for 2023 – 2026.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Utarbeidd i tett samarbeid med næringa
Møre og Romsdal Fylkeskommune har saman med landbruksnæring og -forvaltning i fylket laga Fylkesstrategi for landbruket. Grunnlaget for strategien vart lagt i tre digitale verkstader i mai og juni 2021. Der deltok tillitsvalde i landbruksorganisasjonane, tilsette i landbruksforvaltninga, politikarar og representantar for ulike interesseorganisasjonar. Føremålet med strategien er å gje retning for utviklinga av landbruket på eit regionalt nivå og bidra til å styrke landbruksnæringa. Fylkestinget vedtok strategien i desember.
Utvalde innsatsområde
I Fylkesstrategien vert det peika på seks innsatsområde, med tilhøyrande resultatmål.
- Landbruket i Møre og Romsdal har tapt marknadsandelar, men har potensiale til å produsere meir.
- Resultatmål: Landbruket i Møre og Romsdal skal auke produksjonen av varer som marknaden etterspør, og som vi har naturgitte fortrinn for å produsere. Produksjonen skal i størst mogleg grad vere basert på berekraftig bruk av lokale innsatsfaktorar.
- Produksjonsareala i landbruket har krympa, og må sikrast for framtida.
- Resultatmål: Behalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning.
- Landbruket sin foredlingsindustri er avhengig av lokal råvareproduksjon - og motsett.
- Resultatmål: Auke verdiskapinga frå foredling av landbruksråvarer frå Møre og Romsdal.
- Landbruket treng kompetanse og rekruttering for framtida.
- Resultatmål: Auke kompetansenivået og innovasjonstakta i landbruksnæring og forvaltning.
- Landbruket må ta sin del av ansvaret for miljø og klima.
- Resultatmål: Landbruket skal redusere sine miljø- og klimautslepp og ta vare på miljøverdiar i landskap og jordsmonn.
- Det er potensiale for ny næring i landbruket.
- Resultatmål: Fleire og betre forretningsidéar med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknader som mål.
Verdien av lokal produksjon
To undersøkingar gjev nyttig kunnskap som strategien byggjer på. Statsforvaltaren har bidratt i finansiering av undersøkingane. Ruralis har skrive rapporten "Trender i landbruket" , der eit utval bønder i Møre og Romsdal er spurt om status og framtidsutsikter. NIBIO har laga "Verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Møre og Romsdal", som viser status og utvikling for verdiskaping og sysselsetting i næringa.
Tilskotsordning for verdiskapande og berekraftig landbruk
Kommunar, organisasjonar, forskingsinstitusjonar og nettverk av bedrifter kan søke om støtte til tiltak som bidreg til å nå eit eller fleire av måla i Fylkesstrategi landbruk. Meir informasjon om ordninga finn de her.