Matpakka "Nonsmat" vann innovasjonscamp
Lag ei matpakke med mat frå Vestnes og kombiner med lokale aktivitetar! Dette var oppdraget som elevar ved Gjermundnes vidaregåande skule fekk på innovasjonscamp førre veke.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Elevane Sivert, Lars, Bjørg, Signe og Camilla leverte ei matpakke som bestod av byggbrød med Ridderost, roastbiff, grønsaker, majones og krydder – og vann konkurransen. Aktiviteten dei foreslo var ridetur til Nonsfjellet i Vestnes og slik fekk pakken namnet «Nonsmat». Juryen meinte at smørbrødet hadde ein gjennomtenkt komposisjon, emballasjen var solid og godt eigna og gruppa hadde fokus på minst mogleg matsvinn.
Elevane skulle sjå for seg eit samarbeid mellom Tine, Kløverkjøtt og gartneriet på Gjermundnes vidaregåande skule. Oppgåva var i tillegg å beskrive to ulike lokale aktivitetar ein turist kunne kjøpe saman med matpakken. Kvar gruppe skulle og kome med forslag på innpakning, utsalsstader og pris. Oppgåva gjekk ut på å levere ein ferdig matpakke, ein forretningsplan og ein presentasjon av oppgåva. Alle gruppene presenterte sine ferdige svar i plenum.
Innovasjonscampen vart arrangert av Ungt entreprenørskap og Fylkesmannen si landbruksavdeling i samarbeid med skulen. Før elevane starta med oppgåva hadde dei fått ei innføring i kva som blir produsert hos dei to samarbeidsbedriftene.