Lokal mat og reiseliv på internasjonal messe i Berlin
Den største matmessa i verda, Internationale Grüne Woche vert arrangert kvart år i januar i Berlin. Lokale mat- og reiselivsbedrifter skal delta for å reklamere for Fjord-Norge som reisemål.
Bygge Norge som sterk mat- og reiselivsnasjon
Messedeltakinga er eit stort prosjekt er eigd av Landbruks- og matdepartementet, mens den nasjonale prosjektleiinga ligg hjå Innovasjon Norge. Målet for innsatsen er å bygge Norge som ein sterk mat- og reiselivsnasjon. Arrangementet i Berlin styrkar omdømet til norsk landbruk, mat og drikke, og deltakarane får sjansen til å samarbeide meir mellom regionane. Nye nettverk stimulerer til nyskaping – dette er ein klassisk vinn-vinn-konstellasjon.
Samarbeid i Fjord-Norge regionen
Regionalt er vi organisert som eit samarbeid mellom Statsforvaltarane, Fylkeskommunane og Innovasjon Norge i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Fjord Norge har vore del av dette prosjektet mange gangar før, noko som ikkje er tilfeldig. I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. Denne gangen reiser 22 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen til Berlin.
Om IGW
Messa Internationale Grüne Woche starta i 1926 som ei enkel varemesse for landbruksprodukt. No reknar arrangørane med nesten 1900 utstillarar frå 72 land og ca. 400 000 besøkjande på dei 128 000 m2 totalareal.
For å vere litt smålåten; Norge har ein av dei finaste standpresentasjonane i Berlin. I 2025 er det regionane Fjord Norge og Nord Norge som er valt til å vise fram dei beste råvarene og til å fortelje om Norge som reiseland. Landet vårt er i utgangspunkt eit populært reisemål for tyskarane, og vi vil forsterke denne interessa gjennom dei lekraste mat- og drikkekombinasjonane.
Også i år har vi måtte velje mellom eit mangfald av fantastiske produsentar som gjer det mogeleg å servere smakfulle rettar med ost, sider, syltetøy, ulike typar kjøt, fisk og bakst.
Mat og kultur hand i hand
I tillegg til flinke kokkar og lokalmatprodusentar har vi frå Møre og Romsdal med oss musikar Ingunn Linge-Valdal. Ho arbeider til dagleg for Stolte Anton i Eidsdal, som er ei av dei utvalde bedriftene som får vere med til Berlin.
Ingunn Linge-Valdal har spela fele sidan 9-årsalderen, og seinare fått brei folkemusikkbakgrunn. Ho har gode plasseringar frå kappleikar, der ho m.a har blitt fylkesmeister fleire gonger og er no leiar for Valldal spelemannslag. Ho har spelt og turnert både nasjonalt og internasjonalt i mange år, og opptredd på store festivalar og radio- og TV- program både åleine og saman med Knut Ivar Bøe i folkemusikkduoen "Ferdafolk" (www.ferdafolk.no).
I januar skal ho gjennom musikken vere med å setje ramma rundt den norske deltakinga i Berlin, blant anna ved å spele på opningsseremonien og på eit arrangement på den norske ambassaden.
Deltakarane frå Fjord-Norge regionen er:
Møre og Romsdal
Tingvollost Ost i verdensklasse på Nordmøre - Tingvollost AS
Tingvoll Sider Tingvoll Sider
Stolte Anton Stolte Anton
Juvet Landskapshotell Legg kvardagen bak deg | Juvet Landskapshotell
Smia Fiskerestaurant Smaken av autentisk sjømat | Smia Fiskerestaurant
Sveggvika gjestehus Idyllisk overnatting på Averøy | Sveggvika Gjestehus
Vestland
Flatheim, Fløirestauranten, Heimtun-gardsmat, Lofthus sideri, Løvaas Gard, Myrdal Gaard Ysteri, Nordre Solend gård, Norways Best, Vestavin, Ølmheim siderhage
Rogaland
Jerseymeieriet, Skeie Gård, Topp Sopp, Fuglestein fruktgård, Ryfylke gardsysteri, Smaken av Ryfylke.
Stolte Anton frå Eidsdal deltek på IGW 2025. Her er Kirsti Indreeide og Ingunn Linge-Valdal avbilda med nokre av produkta deira. Ingunn skal også stå for musikkinnslag i Berlin.
Fotograf: Celien De Pelecijn/Stolte Anton AS
Kontaktpersonar:
- Marie Teigland, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal: 71 25 84 39
- Dirk Kohlmann, Statsforvaltaren i Vestland: 412 96 550
- Ingerid Wembstad, Matarena AS: 994 03 999
Kontaktpersoner
-
Marie Teigland
Tlf: 71 25 84 39 -
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50