Vanylven helse- og omsorgssenter har av dei beste måltidsøyeblikka
Vanylven omsorgssenter er ein av dei fem beste institusjonane her i landet til å skape gylne måltidsøyeblikk til bebuarane sine. Dei vert no heidra med diplom frå Landbruks-og matdepartementet for denne innsatsen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kjøkkenet ved Vanylven helse- og omsorgssenter skaper gylne måltidsøyeblikk for om lag 120 eldre kvar dag. Dei fleste bur på institusjonen, men dei leverer også mat til eldre som bur heime eller på omsorgsbustadar. På omsorgssenteret er det både avdeling for friske eldre, pleie-pasientar og dementavdeling.
Tett dialog mellom kjøkken og avdelingar
Kjøkkenet har ein tett dialog med avdelingane om særskilde behov og ynskje når det gjeld menyar og måltid. Kjøkkenleiar Sonja Riste difor går ofte rundt på avdelingane og snakkar med personalet, slik at ho kan få tilbakemeldingar og syte for at matserveringa fungerer slik som dei ynskjer. Avdelingane legg opp matserveringa slik at alle kan få mat når dei har behov for det, både på dagtid og på kveldstid. Det er difor bebuarane sin ynskje og behov som ligg til grunn for matserveringa. Det er viktig at dei eldre føler at dei er heime, sjølv om dei bur på institusjon.
Variasjon i menyane og stabilitet i matbudsjettet.
På spørsmålet om det kostar mykje meir å vere så fleksibel, er svaret klart nei! Bebuarane vert oppmoda om å kome med meny-ynskje, og nokre avdelingar har sin eigne meny-favorittar. Når noko kjem med gode meny-forslag, vert dette sjølvsagt laga til alle den dagen - også til kommunestyret når dei legg møta sine på omsorgssenteret. Vanylven helse- og omsorgssenter har ikkje fått kutt i matbudsjettet dei siste åra, men dei heller ikkje fått noko auke. «Variasjon i menyane med ferske sesongvarer handlar meir om engasjement og kreativitet enn om økonomi», seier assisterande kjøkkenleiar, Hanne Øren.