Vellukka fagdag for Inn på tunet-tilbydarar

Gardbrukarar som tilbyr, eller ynskjer å tilby, Inn på tunet-tenester i Møre og Romsdal har vore samla til ein fagdag. Både oppvekstreforma og behov for godkjende lærebedrifter var tema denne dagen. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.10.2022

Arrangementet samla fleire interesserte som vurderer, eller som er i gang med, å etablere seg som Inn på tunet-tilbydarar. Dette vart ein fin møteplass for erfaringsutveksling, i tillegg til fagleg oppdatering.

Inn på tunet Møre og Romsdal og Inn på tunet Norge – kven er det?

Solveig Haglund frå tilbydarnettverket Inn på tunet Møre og Romsdal orienterte om deira arbeid. Meir informasjon finn du her.

Dagleg leiar i Inn på tunet Norge SA, Hege Lindstrøm, fortalde om deira tilbod. Les meir om det her.

Solveig Haglund, Inn på tunet Møre og Romsdal.
Solveig Haglund, Inn på tunet Møre og Romsdal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Oppvekstreforma

Barnevernreforma, også kalla oppvekstreforma, har som mål at fleire utsette barn og familiar skal få den hjelpa dei treng på eit tidleg tidspunkt. Det er behov for målretta, tverrfagleg innsats for å nå måla. Liv Aasen frå Oppvekst- og utdanningsavdelinga hos Statsforvaltaren orienterte om at alle kommunar no skal utarbeide plan for det førebyggande arbeidet. Her kan Inn på tunet-tenester ha ei rolle, med tilbod tilpassa barnet og familien sine behov.

Liv Aasen, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Liv Aasen, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Mogelegheitene for bruk av IPT som alternativ opplæringsarena

Oxford Research har utført ei kartlegging blant dei vidaregåande skulane i fylket. Her kjem det fram at økonomi er ein stor barriere for bruk av Inn på tunet som alternativ opplæringsarena. Men det viser seg også at mange skular har lite eller ingen kjennskap til Inn på tunet. Fleire av skulane som ikkje kjenner til tilbodet, ga uttrykk for at det høyrest interessant ut. Dei sa at dette er noko dei kan vurdere å ta bruk, dersom dei får meir informasjon om tilbodet og kostnadane.

Det er altså behov for informasjon om kva eit Inn på tunet-tilbod inneber, både praktisk, fagleg og pedagogisk, slik at skulane kan vurdere om tilbodet vil passe for eleven og innanfor rammene av skulen sine ressursar. Meir om kartlegginga hos dei vidaregåande skulane kan du lese om her.

Kva skal til for å verte godkjent som lærebedrift?

Åse Vatne Riksfjord, som jobbar med opplæring i bedrift hos Møre og Romsdal Fylkeskommune, fortalde om prosessen for å verte godkjent som lærebedrift, og dermed kan ta imot lærlingar og lærekandidatar. Det er heile 197 fag å velje mellom for godkjenning som lærebedrift. Fagrådgjevarar kan gje råd om kva fag som er aktuelle. Ei lærebedrift får kr 167 000 i tilskot pr lærekontrakt. Meir informasjon finn du her.

Åse Vatne Riksfjord, Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Åse Vatne Riksfjord, Møre og Romsdal Fylkeskommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Korleis forstå det offentlege som innkjøpar?

Innkjøpssjef i Møre og Romsdal Fylkeskommune, Arnt Ove Hol, orienterte om anskaffelsesprosessen. Anbod vert lagt ut i kunngjeringsdatabasen Mercell. Eit tips for å selje seg inn som tilbydar, er å tilby etablering av eit pilotprosjekt for å teste konseptet. Ein pilot kan vare i inntil to år, før det vert krav om konkurranseutsetjing.

Korleis gjere det lett for kjøpar av IPT-tenester? Slik gjer vi det!

Line Stølan ved Stall Stølan på Tingvoll fortalde om sitt samarbeid med Tingvoll vidaregåande skole. Deretter orienterte Veronica Reinås ved Eikra gard i Stjørdal. Ho ga svært nyttige råd om innsal og tett oppfølging av kunden, type tilbod og prissetjing. Å gå saman 3-4 tilbydarar i eit nettverk for å gje kvarandre støtte og råd, gjerne saman med ein mentor, er noko Veronica sterkt anbefaler.

Kva må til for auka bruk av IPT i vidaregåande opplæring?

Avslutningsvis tok Jorunn Dahle frå kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune ein gjennomgang av kva som må til for auka bruk av IPT i vidaregåande opplæring. Her vart det gode diskusjonar og innspel med deltakarane på fagdagen.

Jorunn Dahle, Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Jorunn Dahle, Møre og Romsdal Fylkeskommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

 

Faktaboks

Som del av eit nasjonalt Inn på tunet-løft, vart Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tildelt eit av fire pilotprosjekt av Landbruksdirektoratet hausten 2020. Vår pilot er retta mot mogelege innkjøparar av Inn på tunet-tenester i den vidaregåande skulen. Meir informasjon om Inn på tunet-løftet finnast her.