Inn på tunet-skulen
Inn på tunet skulen (IPT-skolen) er eit gratis nettkurs. Det skal gi ei grunnleggjande forståing av kva Inn på tunet er. Du får og lære kva for moglegheiter som ligg i ei Inn på tunet-verksemd, og kva som er krava for å etablere verksemda.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kurset er utvikla i eit samarbeid mellom Norges Bondelag, Stiftelsen Norsk Mat, Innlandet fylkeskommune og Høgskolen i Innlandet.
Føremålet er å styrke kunnskapen om IPT og motivere fleire til å ta i bruk og nytte dei næringsmoglegheitene dette tilbodet kan gje. Nettkurset er gratis og ligg tilgjengeleg for alle som registrer seg med namn og e-postadresse i læringsplattforma.
Kven passar det for?
Målgruppa for dette kurset vil vere gardbrukarar som ønsker å styrke garden si næringsverksemd og sjå etter nye moglegheiter til å utnytte garden sine ressursar på.
Introduksjonskurset retter seg først og fremst mot dei som ikkje har eit IPT-tilbod., men etablerte IPT-tilbydarar vil òg finne relevant informasjon i dei enkelte fagleksjonane. Elevar/studentar i eit landbruksfagleg utdanningsløp vil òg kunna ha nytte av å bruke desse ressursane inn i eit undervisningsopplegg.
Nettkurset er bygd opp rundt 4 fagleksjonar:
- Kva er IPT – ei kort innføring
- Garden som arena
- Gardbrukaren som ressurs
- IPT som næringsveg
Under kvar fagleksjon vil du finne tekst, videoar, ulike oppgåver som du skal gjere og lenker til litteratur og andre relevante fagkjelder om IPT.