Auka bruk av gardsvarme i Møre og Romsdal
Bioenergi er eit miljøvenleg alternativ, som gir auka energifleksibilitet, og bidreg til å dekke endra energibehov. Er verdiskaping på eigne ressursar noko for deg?
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I samarbeid med NORSØK har Fylkesmannen i Møre og Romsdal oppretta det 3-årige prosjektet «Auka bruk av gardsvarme». Prosjektet skal bidra med informasjon og rettleiing til dei som ønskjer å bygge eigne anlegg på ein landbrukseigendom, eller selje energi til andre brukarar.
Aktuelle energikilder er både skogsbrensel, halm, husdyrgjødsel og sol.
Prosjektet tilbyr:
- Rådgiving/planlegging av anlegg
- Fagdagar
- Foredrag
Prosjektleiaer er Ingvar Kvande ved NOSØK, tlf: 930 15 157, ingvar.kvande@norsok.no
Vedlagt finn du faktaark om prosjektet.
Aktuelle interessenter bør ta direkte kontakt med Ingvar Kvande.
Meld gjerne i frå viss du ønskjer faginnlegg, eller fagdager i din kommune.