BU-prisen 2014 til Gjøra Bygdeutvikling
Under Dyregoddagane 2014 i Gjemnes delte Innovasjon Norge ut bygdeutviklingsprisen til Gjøra bygdeutvikling i Sunndal. Gjøra bygdeutvikling har stått for mobilisering i bygda. Dei har m.a. redda butikken som Coop la ned, noko som skapte kraftig mobilisering av både folk og kapital.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Under ein konsert sa ordføraren i Sunndal at bygda måtte syte for at det vart folk der, for å overleve. Før neste års arrangement var det ti nyfødde. Bygda har klart å ta vare på både skule, barnehage, butikk og etablert drivstoffanlegg. Der er også mange andre ringverknader.
I denne tildelinga er det lagt vekt på ringverknader, sosial og miljømessig berekraft og sysselsetting indirekte. Gunn Signe Årnes og Leif Larsen tok i mot prisen på vegne av Gjøra bygdeutvikling, som høyrer til same kretsen som vinnarane av kulturlandskapsprisen i år.
Gjøra bygdeutvikling vart etablert i 1995 som ein paraplyorganisasjon for lag og organisasjonar i kretsen. Dei har arbeidd med såkalla framtidsverkstad, og i 2007 hadde dei ein verkstad som la planer for utviklinga fram til i dag. Nyleg gjennomførte dei ein nytt verkstad, der det vart lagt planer for utviklinga fram til 2020. Målet er m.a. 20 nye arbeidsplassar i krinsen innan 2020.
Bygdeutvikling er hardt arbeid
Gunn Signe Årnes takka for prisen, og fortalde m.a. at bygdeutvikling er hardt arbeid over lang tid. Sunndalsporten, som vart ferdig nokre år etter etableringa, var eit næringsbygg som kom som resultat av mobiliseringa. Bygda reiste så mykje eigenkapital, at næringsselskapet i kommunen ikkje ville stå ved lovnaden om å stille med like mykje.
Sunndal nasjonalparksenter er no i Sunndalsporten. Vi har eit bra drivstoffanlegg, sanitæranlegg og fellesareal. Vi har sommarfestivalen Gjæra Gjøra og vinterfestival, skøytebane og skianlegg. Bygda er samla og målretta, og arbeider etter klare målsettingar.
Leif Larsen sa m.a. at målsettinga, Gjøra – den beste bygda å bu i, er viktig rettesnor. Vi hadde eit nytt framtidsverksted i vår, der vi m.a. sette oss mål om 20 nye arbeidsplassar innan 2020. Bygda har eit stort engasjement, og arbeider i same retning. Dugnadsinnsatsen er formidabel, og vi har evne til å samarbeide med profesjonelle aktørar utanfor bygda også.
Leif overrekte til slutt eit bilde frå opninga av Sunndalsporten til Innovasjon Norge, og håpa å vinne den nasjonale BU-prisen. Dei to avslutta med å dele ut T-skjorter til publikum.
Om prisen
Bygdeutviklingsprisen vart etablert i 1997 av Landbruks og Matdepartementet. Den skal delast ut av Innovasjon Norge, og er på 50.000 kroner pluss diplom. Fylkesvinnaren er kandidat til den nasjonale bygdeutviklingsprisen. Den skal delast ut til organisasjonar eller enkeltpersonar, som har etablert seg med basis i bygda og landbruket sine ressursar. Juryen vektlegg spesifikke kriteria, slik som økonomi, sysselsetting, sosial og miljømessig berekraft, verdiskaping og ringverknader av verksemda.