Kommunal landbruksforvaltning - Ansvar, status og organisering

Kommunane har viktige oppgåver i landbrukspolitikken, og landbruksnæringa er avhengig av at den lokale forvaltninga er kompetent og  godt organisert. Fylkesmannen i Møre og Romsdal  har gjort ei analyse av landbruksforvaltninga i kommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.06.2016

Akkurat no i 2016 er det mykje snakk om kommunale oppgåver og kommunestruktur, men det er berre unntaksvis at problemstillingar knytt til landbruk kjem fram i debatten.  Landbruks­forvaltninga blir neppe førande for korleis kommunane organiserer seg framover, men samtidig er det viktig for både næring og samfunn at oppgåvene blir utført på ein god måte. Landbruks­oppdraget må vere synleg og tydleg i prosessane, og rapporten er meint å gi eit bidrag til akkurat det.