Klimasnu – eit landbruk i omstilling

Klimasnu-finalist Finn Roger Trodal viser fram sitt kaldfjøs med solcellepanel på taket til f.v. fylkesskogmeister Åsmund Asper, Statsforvaltar Else May Norderhus og klimakoordinator Anne Melbø.
Klimasnu-finalist Finn Roger Trodal viser fram sitt kaldfjøs med solcellepanel på taket til f.v. fylkesskogmeister Åsmund Asper, Statsforvaltar Else May Norderhus og klimakoordinator Anne Melbø. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal..

Vi må snu oss rundt og stoppe klimaendringane. Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er arbeidet med klimaomstilling ei hovudsatsing - kalla Klimasnu. Her har landbruket og landbruksavdelinga ei tydeleg rolle.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.04.2022

Målet med Klimasnu-satsinga er å arbeide tverrfagleg og breitt for å redusere klimagassutslepp i fylket. Med eit gjennomgåande klimaperspektiv ynskjer Statsforvaltaren at alle avdelingar skal ha fokus på klimagassutslepp og klimatilpassing. Eit av tiltaka er at alle samlingar som Statsforvaltaren arrangerer skal innehalde eit innlegg om klima. Arbeidsgruppa for Klimasnu deltek som faghjelp og fasilitator for kommunane om klimaspørsmål, samt deltek i klimanettverka i fylket.

Klimaplan for landbruksavdelinga

Alle avdelingane hos Statsfortvaltaren har laga eigne handlingsplanar for korleis vi skal arbeide med klimaomstilling. På landbruksavdelinga har kvar faggruppe prioritert tiltak på sitt fagfelt. Resultatet er ein klimaplan som gjev god oversikt over avdelinga sitt klimaarbeid, med involvering av alle tilsette. Det er utarbeidd ei dynamisk tiltaksliste for 2022. Døme på eit par av tiltaka er:

  • Våren 2022 er det under planlegging kurs for kommunane med tema klimagassar i landbruket, i samarbeid med Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU) ved NMBU.

  • Landbruksavdelinga har som eit ledd i klimaarbeidet fått informasjon frå NIBIO om viktigheita av jordsmonnkartlegging. I klimakalkulatoren vert opplysningar frå jordsmonnkartlegging nytta til å dokumentere karbonbalansen i jorda. I Møre og Romsdal er berre to kommunar kartlagt, og eit viktig grunnlag manglar dermed i berekningane til klimakalkulatoren. Det er difor stort behov for at det vert sett av meir ressursar til jordmonnkartlegging. Klimakalkulatoren er ei viktig nasjonal satsing med rådgjeving og støtte til bønder for gjennomføring av klimarådgjeving på den enkelte sitt gardsbruk.

Klimasnupris

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler kvart år ut ein Klimasnupris til kandidatar som:

  • Har særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavenleg omstilling i fylket.

  • Har bidratt aktivt med å finne fram til eller auke bevisstheita om løysingar på klimautfordringane, utan at det har gitt vesentleg negativ effekt på andre berekraftmål.

For 2021 var 9 kandidatar nominert til prisen. Alle tre finalistane hadde tilknyting til matproduksjon, jord- og skogbruk:

  • Vinnaren var Urban Gartnaren AS i Molde, med hydroponisk dyrking av salat, utan bruk av sprøytemiddel og minimalt forbruk av vatn.

  • Finalisten Ørsta kommune byggjer Sæbø skule og barnehage i nyskapande heiltrehus. Området er utsett for skredvind, som set krav til utforming og styrke.

  • Siste finalist var bonde Finn Roger Trodal på Averøya med heiltrefjøs og solcelleanlegg på taket med 60 kW nominell effekt. Varmegjenvinning frå mjølketanken vert nytta til oppvarming av tekniske rom.