Tilskot til drenering av jordbruksjord - auka tilskotssatsar frå 1. juli 2022

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

I årets jordbruksforhandlingar blei partane einige om å auke tilskotssatsane til drenering frå 1.juli 2022.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.06.2022

Dei nye satsane er 2 500 kroner per dekar og 38 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 2 500 kroner per dekar areal. Endringane gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli 2022.

Forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord vil bli oppdatert med dei nye satsane, og satsane vil bli innarbeida i søknad – og sakshandsamarsystemet Agros med verknad frå 1.juli.

Handsaming av søknader som er sendt inn før 1.juli der tiltaket ikkje er starta opp

Søkarar som har fått innvilga tilskot før 1.juli etter gamle satsar, kan trekke gammal søknad og sende ny søknad om arbeidet på det omsøkte arealet ikkje er starta opp. Kommunen må da fatte nytt vedtak om tilskot. Samtidig skal kommunen inndra tidlegare innvilga tilskot ved å avslutte den gamle saken. I tillegg til endra tilskotssum, kan det bli satt ny arbeidsfrist. I mellomtida kan også planane ha blitt endra.

Søknader som kommunen ikkje har handsama før 1.juli, vil bli innvilga med nye satsar (utan ny søknad).

Handsaming av søknader som er sendt inn før 1. juli der tiltaket er starta opp

Etter forskrifta § 3 kan det ikkje gis tilskot der tiltaket er starta opp. Dette betyr at det ikkje kan gis tilskot etter fornya søknad og med nye satsar i slike tilfelle.

Økonomisk ramme i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal er total ramme for tilskot til drenering på 9 381 346 kroner i 2022. Foreløpig tilsagn dette året er på 1 699 740 kroner. Dette gir eit godt rom for dei auka satsane og for fleire tilskotssøknader.

Det er kommunane som gjer vedtak i tilskotsordninga. Det inneber at kommunen har ansvar for å fastsette søknadsfristar, informere og rettleie om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen skal og behandle søknader, fatte vedtak om tilskot og godkjenne utbetaling av tilskot. Ta kontakt med din kommune om du har spørsmål. 

 

Kontaktpersoner

Nye satsar frå 1.juli 2022

2 500 kroner per dekar og 38 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 2 500 kroner per dekar areal