Kommunale rammer til drenering av jordbruksjord 2023

Frå Farstad i Hustadvika kommune Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på 6 340 000  kroner til kommunane for ordninga tilskot til drenering av jordbruksjord.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.02.2023

Nasjonalt er det sett av 68 millionar kroner til tilskot til drenering, der 66 millionar er fordelt i fylkesvise rammer. Møre og Romsdal har fått tildelt 2 millionar kroner. Ubrukte midlar frå 2022, som utgjer i overkant av 7 millionar kroner, er lagt til denne summen.

For 2023 er det nok midlar til at alle kommunane har fått det beløpet dei har meldt inn som behov. Etter den fyrste kommunevise fordelinga er det att i overkant av 3 millionar kroner som ikkje er fordelt. Sidan det er mykje midler disponibelt, ønskjer vi at kommunane melder inn ekstra behov fortløpande.

Kommunevis fordeling for 2023

Aukra

200 000

Smøla

600 000

Aure

400 000

Stranda

100 000

Averøy

300 000

Sula

50 000

Fjord

60 000

Sunndal

150 000

Giske

200 000

Surnadal

300 000

Gjemnes

500 000

Sykkylven

100 000

Hareid

20 000

Tingvoll

400 000

Herøy

30 000

Ulstein

20 000

Hustadvika

1 000 000

Vanylven

250 000

Kristiansund

50 000

Vestnes

200 000

Molde

500 000

Volda

200 000

Rauma

50 000

Ørsta

200 000

Sande

60 000

Ålesund

400 000

 

 

SUM

6 340 000

 

Føremålet med tilskot til drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.

Ordninga skal forvaltast etter forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord med tilhøyrande rundskriv.

Ta kontakt med din kommune om du vil søkje om tilskot til drenering

Det er kommunen som mottar og behandlar søknader, og fattar vedtak om tilskot til drenering.  For meir informasjon om ordninga og søknadsfristar, sjå kommunens utlysing eller ta kontakt med din kommune.